§ 8. Fordelinga av avleveringsplikta
Avleveringsplikta skal delast mellom den som har produsert dokumentet og utgjevaren.
Er eit dokument produsert i Noreg, skal den som har produsert det levere tre eksemplar og utgjevaren fire.
Utgjevaren skal levere alle avleveringseksemplara dersom
- dokumentet er digitalt
- dokumentet er ei avis
- delar av dokumentet vert produsert av fleire produsentar
- utgjevaren har produsert dokumentet sjølv eller har fått det laga i utlandet.
Produsenten skal levere alle avleveringseksemplara dersom utgjevaren er utanlandsk.
Importøren skal levere alle avleveringseksemplara dersom både produsenten og utgjevaren er utanlandske.
Nasjonalbiblioteket kan fastsetje ei anna fordeling eller leggje heile avleveringsplikta på ein av dei leveringspliktige.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2018-07-01-1139
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 59f3844ee9c091fe5bd201baf231a98f3d627eafb514a7ef3f5e608ff7c72845
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2018-07-01