Tilskotsforvaltar skal prioritere dei prosjekta som i størst grad bidrar til måloppnåing jf. § 2.
Tilskotsforvaltar kan gi tilsegn om tilskot til prosjekt med varigheit på inntil tre år med atterhald om Stortinget sitt årlege budsjettvedtak, eller fullfinansiere heile prosjektet det eine året. Tilsegna vil vere gyldig tilsegnsåret pluss to år. Etter det må ein søkje om tilskot på nytt (eventuelt søke om forlenging).
Midlane kan bli nytta til både å etablere eigne regionale søknadsbaserte tilskotsordningar og fylkeskommunale prosjekt, jf. § 15 fjerde ledd.
Samla tilskot til eit prosjekt for mobilisering til utdanning og kompetanseheving skal som regel ikkje overstige 50 prosent av kostnadane (som gjeld tilskota). Dette gjeld òg fylkeskommunane sine eigne prosjekt. Tilskotet skal berre dekke kostnadar som er naudsynte for å realisere prosjektet og føremålet med ordninga.
Tilskotet må vere innanfor EØS-avtalen sine reglar om offentleg tilskot. Tilskot utbetalt etter forskrifta skal ikkje kryssubsidiere anna økonomisk aktivitet som kan vri konkurransen eller påverke samhandling i strid med Noregs EØS-forpliktingar.
Midlane kan ikkje finansiere følgjande:
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.