§ 6. Formål og geografisk verkeområde
Studiesenterordninga skal bidra til at utdanning og kompetanseutvikling blir tilgjengeleg for innbyggjarar og tilsette i verksemder som ikkje kan følgje ordinær undervisning ved dei faste studiestadene som følgje av lange avstandar.
Måloppnåing skal bli vurdert etter følgjande kriterium:
- auka innsats for etablering av fleire etterspurde fleksible og/eller desentraliserte tilbod om utdanning
- auka tal på personar som tileignar seg etterspurd kompetanse
- fleire utanfor arbeidslivet får utdanning og kompetanseutvikling.
Eit studiesenter er ein fysisk møteplass og læringsmiljø som legg til rette for desentralisert og fleksibel utdanning og kompetanseutvikling i distrikta i samsvar med behova til individ og offentlege og private verksemder. Det er vidaregåande skular, fagskular, høgskular og universitet som er fagleg ansvarleg for tilboda ved studiesentera.
Studiesentera oppmodast til å samarbeide med andre aktørar om å bruke eksisterande lokale som folkebibliotek, næringshagar og skular, til undervisning og samlingar. Desentraliserte og/eller fleksible tilbod ved studiesentera skal kome i tillegg til dei eksisterande tilboda i regionen.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2025-04-02-576
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 83ad335788bd958d77171ce1d2c5e6ef96197066f6264b0b01c8f0a9ebe1e0a1
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2025-04-03