Søknaden må innehalde følgjande opplysningar om søkjar og økonomi:
namn på søkjar og organisasjonsnummer
kontaktperson, administrativt ansvarleg eller prosjektleiar
tilskotsbeløpet det blir søkt om
beskriving av kva det blir søkt om midlar til
eit spesifisert og kostnadseffektivt budsjett og ein finansieringsplan
informasjon om regional medfinansiering på minimum 20 prosent og/eller tilsvarande eigeninnsats.
Aktørar som yter regional medfinansiering etter første ledd bokstav f kan til dømes vere kommunar, fylkeskommunar, stiftelsar og næringsliv. Med eigeninnsats etter første ledd bokstav f meiner ein løn eller timeinnsats, økonomiske bidrag og honorar, samt lokale og utstyr.
Søknaden må òg innehalde følgjande:
omtale av mål og målgrupper
forventa resultat vurdert opp mot kriteria for måloppnåing
gjennomføringsplan inkludert tidsplan
eit relevant kunnskapsgrunnlag, frå til dømes fylkeskommunen, som beskriv behova i arbeidsmarknaden
informasjon om at studiesenteret har kapasitet til å oppretthalde og/eller etablere nye studietilbod
ein underteikna avtale mellom studiesenteret og utdanningsinstitusjon (eller tilbydar(ar)) om å samarbeide om eit desentralisert og/eller fleksibelt utdanningstilbod.
Den underteikna avtalen etter tredje ledd bokstav f må òg innehalde informasjon om roller og ansvarsfordeling mellom dei involverte aktørane, fakta om dei konkrete tilboda dei vil samarbeide om, samt korleis studiesentera vil legge til rette for studiane for studentane.
Søkjar skal sende inn søknad om tilskot i regionalforvaltning.no. Tilskotsforvaltar fastset søknadsfrist. Søknader som kjem inn etter fristen kan bli avviste.
Tilskotsforvaltar kan krevje ytterlegare dokumentasjon for å vurdere søknadane.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.