§ 10. Tildelingskriterium og utmåling av tilskot

Følgjande krav må vere oppfylte:

  1. regional medfinansiering på minimum 20 prosent og/eller tilsvarande eigeninnsats, jf. § 9 første ledd bokstav f
  2. søkjar må gjere greie for at studiesenteret har kapasitet til å gjennomføre studietilbodet jf. § 9 tredje ledd bokstav e.

Tilskotsforvaltar skal fordele midlane til studiesentera basert på søknadar og prioritere tilskot som i størst mogeleg grad bidrar til måloppnåing jf. § 6.

Tilskotsforvaltar kan gi tilsegn om tilskot til studiesentera med ei varigheit på inntil tre år med atterhald om Stortinget sitt årlege budsjettvedtak, eller fullfinansiere heile drifta det eine året. Tilsegna vil vere gyldig tilsegnsåret pluss to år. Etter det må ein søke om tilskot på nytt.

Tilskotet skal berre dekke kostnadar som er naudsynte for gjennomføring og føremålet med ordninga.

Tilskotet kan ikkje finansiere følgjande:

  1. kausjon eller annan økonomisk garanti
  2. renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte studiesentertilbod
  3. avsetting av midlar til uspesifiserte fond
  4. fysiske bygg.

Tilskot kan ikkje finansiere følgjande driftskostnadar:

  1. utstyr over ein samla kostnad på 50 000 kroner
  2. løn til undervisarar som er finansierte av andre institusjonar og organisasjonar
  3. fagleg og pedagogisk utvikling av undervisarar
  4. oppgåver som utdanningsinstitusjonane har eit eige ansvar for
  5. reise- og opphaldskostnadar for studentar
  6. reise- og opphaldskostnadar for undervisarar kan dekkast dersom andre kjelder til finansiering ikkje er mogeleg.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-04-02-576
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
83ad335788bd958d77171ce1d2c5e6ef96197066f6264b0b01c8f0a9ebe1e0a1
Rendererversjon
8
I kraft
2025-04-03