Manntalsførar skal gje skriftleg melding med opplysningar om retten til å klage etter forvaltningslova når ein person:
får heilt eller delvis avslag på søknad om førstegongs registrering,
vert stroken frå manntalet,
er manntalsførd, men ikkje vert førd opp på lista nemnd i § 10,
vert flytta mellom blad A og blad B, eller
vert registrert som busett i ein annan kommune.
Skriftleg melding er likevel ikkje nødvendig når endringa eller slettinga er gjort etter oppmoding frå personen sjølv eller det elles er openbert unødvendig.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.