Formålet med forskrifta er å regulere manntalet for fiskarar og fangstmenn (fiskarmanntalet) slik at det er eit påliteleg register for offentlege etatar over personar som er busette i Noreg og som har fiske eller fangst i havet som leveveg åleine eller saman med anna næring eller anna arbeid.
Endra ved forskrift 17 des 2010 nr. 1705 (i kraft 1 jan 2011).
Fiskarmanntalet er organisert i to blad, A og B. På blad A vert personar som har fiske eller fangst som binæring registrerte. På blad B vert personar som har fiske eller fangst som hovudnæring registrerte.
Med særleg verkeområde skal ein i denne forskrifta forstå Finnmark, kommunane Karlsøy, Kåfjord, Nordreisa, Kvænangen, Lyngen, Skjervøy, Storfjord, Balsfjord, Sørreisa, Salangen, Gratangen, Lavangen, Tjeldsund, Lødingen, Hamarøy og Evenes, dei områda i Narvik kommune som i 2019 utgjorde daverande Narvik eller Tysfjord kommune, og grunnkretsane Jøvik, Olderbakken, Lakselvbukt, Lakselvdalen, Sjøvassbotn, Stordal, Sjursnes, Reiervik, Breivika og Ullsfjordmoane i Tromsø kommune.
Tilføyd ved forskrift 17 juni 2014 nr. 769, endra ved forskrifter 22 april 2021 nr. 1230, 13 mars 2025 nr. 443.
Ein person har rett til å stå på blad A dersom følgjande vilkår er oppfylte:
Endra ved forskrifter 8 jan 2010 nr. 16, 4 mai 2010 nr. 645 (i kraft 1 juli 2010), 17 des 2010 nr. 1705 (i kraft 1 jan 2011), 11 des 2012 nr. 1191 (i kraft 1 jan 2013), 17 juni 2014 nr. 769, 4 juni 2015 nr. 589.
Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 3 nr. 4–nr. 6 for personar som tek imot alderspensjon eller uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller høgre, anten dersom dei har hatt fiske eller fangst i havet av fisk, krepsdyr, blautdyr eller småkval som hovudyrke i fem av dei siste 20 åra før overgang til pensjon, eller dersom særlege høve tilseier det når dei i det vesentlege av sitt yrkesaktive liv har oppfylt vilkåra for opptak på blad B. Det er eit vilkår at vedkomande tidlegare har vore registrert i fiskarmanntalet, og at vedkomande ikkje har inntekt frå anna yrke eller næring som overstig 300 000 kroner. Dersom vedkomande er busett i det særlege verkeområdet nemnd i § 2a, er inntektsgrensa 400 000 kroner.
Endra ved forskrifter 16 sep 2009 nr. 1196, 4 mai 2010 nr. 645 (i kraft 1 juli 2010), 11 des 2012 nr. 1191 (i kraft 1 jan 2013), 17 juni 2014 nr. 769.
Ein person har rett til å stå på blad B dersom følgjande vilkår er oppfylte:
Endra ved forskrifter 8 jan 2010 nr. 16, 4 mai 2010 nr. 645 (i kraft 1 juli 2010), 17 des 2010 nr. 1705 (i kraft 1 jan 2011), 11 des 2012 nr. 1191 (i kraft 1 jan 2013), 17 juni 2014 nr. 769, 4 juni 2015 nr. 589.
Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 3-nr. 4 for personar som mellombels ikkje oppfyller dei på grunn av omsorgsplikter eller andre særlege forhold.
Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 3-nr. 6 for administrerande fiskebåtreiarar og for personar som på grunn av tillitsverv er hindra frå å drive fiske eller fangst i same omfang som tidlegare. Det er eit vilkår at vedkomande har vore registrert på blad B i føregåande år eller oppfyller vilkåret for tidsavgrensa ervervsløyve i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakarlova) § 7 andre ledd.
Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 4–nr. 6 for personar som har fylt 60 år eller tek imot uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller lågare, og som har vore registrert på blad B dei siste 10 åra. Det er eit vilkår at personen på årsbasis har ei inntekt som minst svarer til 50 000 kroner.
Personar som står på blad B skal, utan omsyn til vilkåra i § 5 nr. 3–nr. 4 og nr. 6, bli ståande på blad B mens dei er gravide og fram til utgangen av det andre kalenderåret etter fødselen. Det same gjeld mens dei er i foreldrepermisjon, har omsorg for barn med langvarig sjukdom, eller er i vernepliktig førstegongsteneste.
Endra ved forskrifter 4 mai 2010 nr. 645 (i kraft 1 juli 2010), 11 des 2012 nr. 1191 (i kraft 1 jan 2013), 28 aug 2018 nr. 1270, 13 des 2018 nr. 1912 (i kraft 1 jan 2019).
Fiskeridirektoratet er manntalsførar og fattar vedtak etter denne forskrifta. Fiskeridirektoratets klagesaksenhet er klageinstans.
Reglane i forvaltningslova gjeld for vedtak som vert fatta etter denne forskrifta.
Endra ved forskrift 31 okt 2022 nr. 1889 (i kraft 1 nov 2022).
Den manntalsførde pliktar å gje melding til Fiskeridirektoratet dersom han flyttar til utlandet eller til annan kommune, eller sluttar som fiskar eller fangstmann, eller elles ikkje lenger fyller vilkåra for å stå på same blad i manntalet.
Fiskeridirektoratet kan krevje dokumentasjon for at flytting til annan kommune faktisk er gjennomførd.
Endra ved forskrift 31 okt 2022 nr. 1889 (i kraft 1 nov 2022).
Innføring i manntalet skjer etter søknad til manntalsførar. Søknad skal fremjast på særskilt skjema.
Innføring i manntalet skal berre skje dersom det er sannsynleg at søkjaren vil fylle vilkåra for å stå i manntalet i perioden registreringa skal gjelde for.
Registreringa kan tidlegast gjerast gjeldande frå søknadsdato. Med mindre det ligg føre opplysningar som tilseiar kortare varigheit, skal registreringa gjelde ut kalenderåret, eventuelt ut komande kalenderår dersom registrering skjer i perioden 1. november–31. desember.
Det skal stå i registeret om personen er registrert etter føresegnene i § 4 og § 6, og eventuelt kva ledd i § 6 som gjev heimel for registreringa. Det skal stå kva kommune den manntalsførde er busett i.
Endret ved forskrift 17 juni 2014 nr. 769.
Manntalsførar skal kvart år innan 10. november registrere alle manntalsførde som det er grunn til å tru fyller vilkåra også for komande kalenderår. Registreringa skal kunngjerast på eigna måte innan 10. november. Registreringa gjeld for heile komande kalenderår.
Reglane i § 9 fjerde ledd gjeld tilsvarande.
Endra ved forskrift 12 juni 2012 nr. 519.
Personar som ber om det, eller som ikkje lenger fyller vilkåra for å stå i manntalet, skal strykast frå manntalet. Dersom årsaka er at personen ikkje lenger fyller vilkåra i § 3 nr. 5 sjette punktum, § 3 nr. 6, § 5 nr. 5 sjette punktum eller § 5 nr. 7, kan vedkomande likevel bli ståande i manntalet ut kalenderåret.
Personar som ikkje lenger fyller vilkåra for å stå på blad B, men som fyller vilkåra for å stå på blad A, skal flyttast frå blad B til blad A.
Personar som flyttar til ein annan kommune skal registrerast i tilflyttingskommunen. Dersom det er grunn til tvil om flyttinga er reell, skal registrering i ny kommune ikkje skje før det er godtgjort at flyttinga faktisk er gjennomførd, jf. § 8 andre ledd.
Endra ved forskrift 17 des 2010 nr. 1705 (i kraft 1 jan 2011).
Manntalsførar skal gje skriftleg melding med opplysningar om retten til å klage etter forvaltningslova når ein person:
Skriftleg melding er likevel ikkje nødvendig når endringa eller slettinga er gjort etter oppmoding frå personen sjølv eller det elles er openbert unødvendig.
Registrering i fiskarmanntalet etter § 4 eller § 6 første eller fjerde ledd gjev ikkje rett til ytingar etter særføresegnene om yrkesskade i folketrygdlova.
Registrering i fiskarmanntalet etter § 6 første eller fjerde ledd gjev ikkje rett til sjukepengar etter særføresegnene for fiskarar i folketrygdlova.
Forskrifta trer i kraft 1. januar 2009. Frå same tid vert forskrift 26. september 1983 nr. 1495 om føring av manntall for fiskere, fangstmenn m.v. oppheva.
Vedtak som er fatta med verknad for manntalsåret 2009 i medhald av tidlegare forskrift gjeld likevel etter sitt innhald i 2009.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.