§ 6. Unntak frå vilkåra for å stå på blad B i manntalet
Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 3-nr. 4 for personar som mellombels ikkje oppfyller dei på grunn av omsorgsplikter eller andre særlege forhold.
Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 3-nr. 6 for administrerande fiskebåtreiarar og for personar som på grunn av tillitsverv er hindra frå å drive fiske eller fangst i same omfang som tidlegare. Det er eit vilkår at vedkomande har vore registrert på blad B i føregåande år eller oppfyller vilkåret for tidsavgrensa ervervsløyve i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakarlova) § 7 andre ledd.
Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 4–nr. 6 for personar som har fylt 60 år eller tek imot uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller lågare, og som har vore registrert på blad B dei siste 10 åra. Det er eit vilkår at personen på årsbasis har ei inntekt som minst svarer til 50 000 kroner.
Personar som står på blad B skal, utan omsyn til vilkåra i § 5 nr. 3–nr. 4 og nr. 6, bli ståande på blad B mens dei er gravide og fram til utgangen av det andre kalenderåret etter fødselen. Det same gjeld mens dei er i foreldrepermisjon, har omsorg for barn med langvarig sjukdom, eller er i vernepliktig førstegongsteneste.
Endra ved forskrifter 4 mai 2010 nr. 645 (i kraft 1 juli 2010), 11 des 2012 nr. 1191 (i kraft 1 jan 2013), 28 aug 2018 nr. 1270, 13 des 2018 nr. 1912 (i kraft 1 jan 2019).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2008-12-18-1436
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 14435a636e7c41ae81873b621e38eb96d1760b92414469b0a6e5158db173c6fb
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2009-01-01
- Siste endring i kraft
- 2025-03-13