(1) Forskrifta gjeld opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Forskrifta gjeld også for privatistar som tek eksamen etter lov om universiteter og høyskoler (uhl.) § 11-4.
(2) Forskrifta gjeld for obligatoriske aktivitetar og eksamen i opplæringsdelen i ph.d.-program (ved Høgskulen i Volda eller andre program), så langt dette er regulert i uhl. eller forskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen i Volda.
(3) Forskrifta gjeld for fellesgradar i samarbeid med andre institusjonar, så langt dette er regulert i forskrift for den aktuelle fellesgraden.
(4) For studium som er underlagde nasjonale rammeplanar, vil nasjonale rammeplanar vere overordna denne forskrifta ved eventuell konflikt.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.