§ 1-2. Definisjonar
- Emne er den minste eininga med vurdering som gir utteljing i form av studiepoeng, og som kan gå inn i eit studieprogram eller tilbydast med eige opptak. Eit emne har eit læringsutbyte som er fastsett i ein emneplan.
- Studiepoeng er eit mål på omfanget av emne og arbeidsbelastninga til studenten. Eit studieår på fulltid vil i omfang og læringsutbyte tilsvare 60 studiepoeng, jf. uhl. § 11-2.
- Studieprogram er ei samling emne med eit samla læringsutbyte som er fastsett i studieplan, som søkarar kan få opptak og studierett til. Eit studieprogram er kjenneteikna ved at det ikkje er nødvendig å søke om nytt opptak for å ta nye emne innanfor studieprogrammet.
- Studieplan er omtale av studieprogram med tilhøyrande emneplanar og beskriv mellom anna opptakskrav, innhald, emne og læringsutbyte i eit studieprogram, jf. uhl. § 11-1.
- Rammeplan er ein plan som fastset nasjonale rammer for eit studieprogram.
- Utdanningsplan er ein individuell avtale mellom ein student og høgskulen med plan for gjennomføring av studieprogrammet studenten er teken opp til, jf. uhl. § 11-3.
- Opptak viser til søknadsprosessen ein søkar går gjennom for å få studierett til eit studium.
- Lokalt opptak viser til opptak som ikkje høyrer til det nasjonale samordna opptaket.
- Søkar er ein person som har lagt inn ein søknad om opptak til Høgskulen i Volda.
- Student er ein person som gjennom opptak etter uhl. kapittel 8 i er teken opp til studium ved Høgskulen i Volda.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2026-06-10-1052
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- d72779cdaaf7813fbce3d869accc2d811798c5ef04ae2893c901ddb29a21dde4
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2026-08-01