§ 4-7A. Dispensasjonsordning for nivåkrav til lærarutdanningar
(1) Departementet kan etter søknad frå ein institusjon innvilge unntak frå nivåkrava i § 4-7 første til femte ledd og åttande ledd dersom institusjonen har tiltak som varetek dei same omsyna som nivåkrava er meint å vareta.
(2) For følgande utdanningar har departementet gitt dispensasjon frå krava til karakter i norsk og matematikk og krava til skulepoeng i § 4-7:
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 og grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 ved Høgskolen i Østfold
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 og grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 ved Høgskulen i Volda
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 ved Høgskulen på Vestlandet.
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 og grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 ved NLA Høgskolen
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10, samisk grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, lektorutdanning og grunnskulelærarutdanning for trinn 1–10 ved Nord universitet
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10, grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 med steinerpedagogikk og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 ved OsloMet – storbyuniversitetet
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10, lektorutdanning ved UiT – Noregs arktiske universitet
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10, lektorutdanning og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 ved Universitetet i Innlandet
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 og lektorutdanning ved Universitetet i Stavanger
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 ved Universitetet i Søraust-Noreg
For følgande utdanningar har departementet gitt dispensasjon frå krava til karakter i matematikk i § 4-7:
Lektorutdanning ved MF – vitenskapelig høyskole
Grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7, grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10, lektorutdanning med engelsk i første studieår, lektorutdanning med framandspråk i første studieår, lektorutdanning med historie i første studieår, lektorutdanning med idrett i første studieår, lektorutdanning med norsk i første studieår, lektorutdanning med religion i første studieår og lektorutdanning med samfunnskunnskap i første studieår ved Universitetet i Agder.
(3) For grunnskulelærarutdanning for trinn 1–7 og grunnskulelærarutdanning for trinn 5–10 ved Samisk høgskole har departementet gitt dispensasjon frå krava til karakter i matematikk og krava til skulepoeng i § 4-7.
Tilføyd ved forskrift 20 juni 2024 nr. 1111, endra ved forskrifter 19 des 2024 nr. 3488, 16 jan 2025 nr. 42.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.