§ 7-1. Generelt om rangering og kvotar

(1) Opptak til studium skjer på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Ein kvote er eit bestemt tal eller ein bestemt del av studieplassane som skal fordelast blant søkjarar som tilfredsstiller nærmare bestemte krav.

(2) Alle kvalifiserte søkjarar som innan fastsette fristar for opptaket dokumenterer at dei oppfyller tilhøyrskriteria for ein kvote, konkurrerer om studieplass i kvoten.

(3) Grunnlaget for rangering er den dokumentasjonen som kvalifiserer søkjaren for eit studium.

(4) Søkjarar med høg poengsum skal rangerast framfor søkjarar med låg poengsum. Søkjarar med lik poengsum i ein kvote skal rangerast etter alder, eldre søkjarar går framfor yngre søkjarar.

(5) Når alle kvalifiserte søkjarar som har søkt innan ordinær søknadsfrist har fått tilbod om plass på eit studium, kan lærestadane lyse ut studiet på nytt med ledige studieplassar. Kvalifiserte søkjarar kan få tilbod om opptak til ledige studieplassar utan omsyn til reglane om rangering i kapittel sju.

(6) Institusjonar kan gi tidleg tilsegn om opptak til søkjarar som har dokumentert behov for dette, og er kvalifisert for utdanninga dei har søkt. Institusjonane fastsett poenggrense for tidleg tilsegn om opptak og avgjer kva for studium det er mogleg å søkje om tidleg opptak til.

Endra ved forskrifter 1 des 2021 nr. 3391 (i kraft 1 jan 2022), 29 nov 2022 nr. 2086 (i kraft 1 jan 2023), 19 des 2023 nr. 2223.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-01-06-13
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
14b6bb0de027
Innholdshash (XML)
b421920b94da388d7a5bb8207c7c2aca1782c49d8cee9458b0515d71e752d0ae
Rendererversjon
8
I kraft
2017-01-15
Siste endring i kraft
2026-02-26