§ 7-2. Kvote for førstegongsvitnemål og ordinær kvote
(1) Kvote for førstegongsvitnemål omfattar søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og som har fått utferda førstegongsvitnemål etter normal tid i vidaregåande opplæring etter føresegner fastsette i forskrift til lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Kvoten omfattar òg søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og som har oppnådd generell studiekompetanse på bakgrunn av vitnemål frå yrkesfag som er fullførte og bestått på normal tid, i tillegg til at dei oppfyller fagkrava i § 2-1.
(2) Søkjarar i kvoten for førstegongsvitnemål skal rangerast på grunnlag av føresegnene i § 7-5, § 7-8, § 7-9 eller etter § 7-12, § 7-13, § 7-14.
(3) 50 prosent av studieplassane skal tilbydast søkjarar i kvoten for førstegongsvitnemål.
(4) Søkjarar som fyller kriteria for opptak i kvoten for førstegongsvitnemål, men som ikkje får tilbod om studieplass, konkurrerer vidare i ordinær kvote.
(5) Departementet kan frita enkelte studium frå kravet om kvote for førstegongsvitnemål.
Endra ved forskrift 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2017-01-06-13
- Hentet
- 2026-10-29T10:43:20.895400+00:00
- Kilderevisjon
- 5956da80435f
- Innholdshash (XML)
- 9084ba0a72bc70f110a026417261dd6825a38a7e1e61d1c15553421cc1a1809a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2017-01-15
- Siste endring i kraft
- 2026-02-26