(1) Grunnlag for opptak etter særskild vurdering kan vere at eit anna morsmål enn norsk, sjukdom, funksjonshemming eller andre spesielle forhold gir grunn til å tru at karakterpoengsummen etter føresegnene i § 7-5 til § 7-7 ikkje gir eit rett bilete av kvalifikasjonane til søkjaren.
(2) Søkjarar som ønskjer å bli vurderte etter denne føresegna, må be om det i søknaden og leggje ved særskild grunngiving og dokumentasjon på dei forholda dei nemner.
(3) Forhold som dei som er nemnde ovanfor, gir ikkje i seg sjølve rett til studieplass. For å få tilbod om opptak må søkjaren ha likeverdige ferdigheiter og kunnskapar med søkjarar som får tilbod om opptak etter § 7-1 til § 7-12 og § 7-14. Søkjaren må sannsynleggjere at dei særskilde forholda har hatt innverknad på resultata frå vidaregåande opplæring. Utdanning og andre forhold utover vidaregåande opplæring skal ikkje leggast vekt på.
(4) For studium med opptaksprøve gjeld denne føresegna når tilbod om opptaksprøve eller endeleg rangering heilt eller delvis byggjer på poengberekning etter § 7-1 til § 7-12.
(5) Søkjarar som ikkje får tilbod om opptak etter desse reglane, skal rangerast etter reglane i høvesvis § 7-1 til § 7-12 og § 7-14.
Endra ved forskrift 29 juni 2017 nr. 1065 (i kraft 1 juli 2017).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.