§ 4-2. Generelle føresegner om rangering av søkjarar til studium i lokale opptak

(1) Grunnlaget for rangeringa er den dokumentasjonen som kvalifiserer søkjaren for eit studium, jf. kapittel 2 i denne forskrifta. Søkjarane vert rangerte innbyrdes i kvotar på grunnlag av konkurransepoeng.

(2) Ved lik poengsum gjeld følgjande:

  1. Ved lik poengsum i ei kvote skal eldre søkjarar rangerast framfor yngre, om ikkje anna er oppgitt i studieplanen.
  2. Styret kan fastsetje i studieplanen at det kjønnet som er underrepresentert i ei kvote skal prioriterast.

(3) Dersom ein søkjar har fleire gyldige opptaksgrunnlag etter kapittel 2, vert grunnlaget som gir best resultat for søkjaren valt.

(4) Dersom det er ledige studieplassar på eit studium etter opptak, kan ledige studieplassar tilbydast kvalifiserte søkjarar. Søkjarane blir rangert etter tidspunkt søknaden vert motteken.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-24-1858
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
50b000c870ca7411f7cb83d83be116f90bc3013d6781f948510cb047d0c999cf
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2025-11-20