§ 4-3. Poengutrekning og rangering av søkjarar til mastergrad, praktisk-pedagogisk utdanning og vidareutdanningar på høgare grads nivå

(1) Søkjarar til høgare grads studium vert rangerte innbyrdes på grunnlag av konkurransepoeng. I konkurransepoenga til ein søkjar kan summen av følgjande poeng inngå:

  1. Karakterpoeng

1. Det vert rekna ut eit vekta karaktergjennomsnitt av opptaksgrunnlaget. Vekta gjennomsnitt er eit gjennomsnitt der kvart emne i grunnlaget er tillagt vekt etter talet på studiepoeng emnet har. 2. Styret kan fastsetje i studieplanen eller emneplanen at berre delar av opptaksgrunnlaget skal inngå i karakterpoengsummen.

  1. Utdanningspoeng:

Det kan bli gitt utdanningspoeng for greidd høgare utdanning ut over minstekravet for opptak etter kapittel 2 i denne forskrifta. Normalt 1 poeng per 30 studiepoeng og maksimalt 4 poeng med mindre anna er fastsett i studieplan eller emneplan.

  1. Praksispoeng

1. Det blir gitt poeng for relevant arbeidserfaring når studiet har opptakskrav om praksis, eller dersom det er fastsett i studie- eller emneplan. Normalt to poeng per 12 månadar med relevant praksis utover opptaksgrunnlaget, og maksimalt seks poeng, med mindre anna er fastsett i studie- eller emneplan. Deltid vert rekna om til heiltid. 2. Praksis som søkjaren har gjennomført før kvalifiserande utdanning og praksis som inngår i kvalifiseringsgrunnlaget, er ikkje medrekna i grunnlaget for praksispoeng.

  1. Andre tilleggspoeng:

Med utgangspunkt i særlege omsyn som er knytte til enkelte studium, kan styret fastsetje andre poengtypar i studieplanen eller emneplanen.

(2) For søkjarar med bokstavkarakterar eller talkarakterar vert følgjande omrekningsskala nytta som grunnlag for utrekning av gjennomsnittskarakter som fører fram til ein talverdi:

BokstavkarakterTalkarakterGamle bokstavkarakterarGir følgjande talverdi
A1,0–2,2Særs godt (sg)5
B2,3–2,5Mykje godt (mg)4
C2,6–2,7Godt (g)3
D2,8–3,0Noko godt (ng)2
E3,1–4,0Lite godt (lg)1

(3) Det er berre fag med tal eller bokstavkarakterar som tel med i utrekninga av karaktersnitt. Der det ikkje er vekting på karakterutskrifter og vitnemål skal det reknast snitt av alle gjeldande karakterar.

(4) På vitnemål utan tal-/bokstavkarakter reknast karakteren «bestått/greidd» som C = 3. I særlege tilfelle kan anna høgare utdanning enn den som inngår i det formelle opptaksgrunnlaget, bli teken med i rangeringa. Søknaden vert då rangert etter § 4-13 i denne forskrifta.

(5) Utvekslingsopphald på 30 studiepoeng eller meir vert tatt med i rangeringsgrunnlaget der det er utarbeida omrekningstabellar av Direktoratet for høyere utdanning eller ved Høgskulen på Vestlandet. Omrekningstabellar frå høgskulen vert utarbeida av Enhet for studentopptak og fastsett av utdanningsutvalet.

Endra ved forskrift 20 nov 2025 nr. 2990.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-24-1858
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
50b000c870ca7411f7cb83d83be116f90bc3013d6781f948510cb047d0c999cf
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2025-11-20