(1) Minstekrav for opptak til utdanning som gjev studiepoeng ved Universitetet i Bergen er som hovudregel generell studiekompetanse eller tilsvarande realkompetanse, slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 2. Hovudregelen gjeld ikkje opptak til masterprogram eller for dei utdanningane som er omfatta av kapittel 3 i forskrift om opptak til høgare utdanning.
(2) Søkjarar til masterprogram må dokumentere at dei oppfyller krav til norsk- og engelskkunnskapar slik dette er fastsett i forskrift om opptak til høgare utdanning, jf. § 2-2.
(3) For opptak til engelskspråklege studieprogram eller studieretningar gjeld ikkje norskkravet i forskrift om opptak til høgre utdanning.
(4) Søkjarar til engelskspråklege masterprogram må dokumentere engelskkunnskapar på høgre nivå med eitt av følgjande alternativ:
(5) Søkjarar til tospråklege masterprogram eller studieretningar, må dokumentere språkkunnskapar etter reglane som gjeld for norskspråklege program eller for engelskspråklege program. For framandspråklege masterprogram, som ikkje har undervisning på norsk eller engelsk, kan eigne språkkrav fastsetjast i studieplanen.
(6) Fakultetet sjølv kan fastsetje særskilde opptakskrav for opptak til masterprogram.
(7) Fakultetet sjølv kan fastsetje særskilde opptakskrav i form av opptaksprøver til studium i utøvande og skapande kunst, musikk og design, jf. § 5-3 (2). Opptaksprøver er berre gyldige det året dei vert haldne.
(8) Dersom ein student er avskore frå vurdering i eit obligatorisk emne i studieprogrammet skal han nektast opptak. Fakultetet kan vedta at det ikkje er høve til å bli tatt opp til same studieprogram fleire gonger.
Endra ved forskrifter 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020), 16 juni 2022 nr. 1469, 2 mai 2024 nr. 1446.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.