§ 2-2. Opptaksgrunnlag masterutdanning
(1) For opptak til masterprogram gjeld mastergradsforskrifta § 3, § 4, og § 5 og eventuelle rammeplanar.
(2) Nærare krav til fagleg grunnlag og faglege minstekrav for den enkelte utdanninga blir fastsett i studieplanen, jf. § 2 i mastergradforskrifta.
(3) For opptak til 2-årig masterprogram etter § 3 i mastergradforskrifta gjeld følgjande:
- Opptaksgrunnlaget er ein fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning. Universitetet kan krevje inntil fire semester høgre utdanning i tillegg til bachelorgrada, i tråd med GSU-lista.
- Søkjarar må dokumentere ei fagleg fordjuping på minimum 80 studiepoeng relevant for studiet dei søkjer opptak til.
- Fakultetet sjølv fastset kva emne ved UiB som inngår i den faglege fordjupinga. Dette skal gå fram av studieplanen.
- I heilt spesielle tilfelle kan annan dokumentert kompetanse godkjennast som heilt eller delvis likeverdig med kravet i b), føresett at søkjaren har dei nødvendige faglege føresetnadene for å gjennomføre studiet. Nærare føresegn om kva utdanningar dette kan gjelde for er gitt i utfyllande retningslinjer for opptak til UiB.
- Emna som utgjer den faglege fordjupinga skal ha eit vekta snitt på karakteren C, altså 2,50 eller høgare (kvalifiseringskravet), jf. retningslinjene for utrekning av karakterpoeng i § 5-4.
(4) Fakultetet kan i studieplanen fastsetje eit høgare kvalifiseringskrav, i samråd med fagmiljøa.
(5) For opptak til erfaringsbasert masterprogram etter § 5 i mastergradsforskrifta skal krav til eventuell fagleg fordjuping og karaktergjennomsnitt fastsetjast i studieplanen. Det er krav om minst to års relevant praksis for opptak til erfaringsbaserte masterprogram. Det kan krevjast relevant praksis utover dette.
(6) Søkjarar til internasjonale gradsstudium som kjem frå land/statar/område utanfor EU/EØS og Sveits må dokumentere tilfredsstillande finansiering, jf. krava i utlendingslova § 58.
Endra ved forskrifter 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020), 20 feb 2020 nr. 180 (i kraft 1 mars 2020), 16 juni 2022 nr. 1469, 2 mai 2024 nr. 1446.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2018-11-27-1907
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 6d5691839f16dac83b6180aabf8d4d51063797da1d80f2d596954e80e098e562
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2019-01-01
- Siste endring i kraft
- 2024-05-02