§ 10. Sektoravgift for tilbydar av postteneste

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan i enkeltvedtak fastsetje og krevje inn ei sektoravgift frå tilbydar av postteneste i samsvar med postloven § 53.

Sektoravgifta som skal fordelast mellom tilbydarar av posttenester er samla sektoravgift etter § 2 første ledd nummer 4.

Beløpet etter andre ledd skal fordelast forholdsmessig mellom tilbydarar av posttenester. Kvar tilbydar skal betale ein del av dette beløpet som svarar til tilbydaren sin del av den samla relevante omsetninga i marknaden for posttenester i samsvar med postloven og geografisk avgrensa til Noreg.

Det gis eit botnfrådrag på 23 millionar kroner for konsern eller selskap, slik at sektoravgifta blir berekna av omsetning som overstig 23 millionar kroner i siste rekneskapsåret før sektoravgiftsperioden.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan i enkeltvedtak nærmare fastsetje kva slags relevant omsetning som omfattast og skal leggast til grunn for berekninga av sektoravgifta.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-01-17-79
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
c811418c283e
Innholdshash (XML)
6868ecef3141e71768717313461b22f769a8e6b1e725a92cf040f699b319b0ac
Rendererversjon
8
I kraft
2024-01-17
Siste endring i kraft
2026-02-01