§ 15. Sektoravgift for spektrumsløyve

Det samla beløpet som blir krevje inn frå innehavarar av spektrumsløyve etter denne paragrafen, er beløpet etter § 2 første ledd nummer 2 etter frådrag for sektoravgift og gebyr etter § 11 til § 14 og § 16.

Innehavarane av spektrumsløyve skal betale ei sektoravgift som består av to delar utrekna slik:

  1. 20 % av beløpet etter første ledd blir fordelt mellom innehavarane av spektrumsløyve med ein lik del for kvar samanhengande frekvensblokk dei disponerer.
  2. 80 % av beløpet etter første ledd blir fordelt mellom innehavarane av spektrumsløyva i høve til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ressursbruk og bandbreidda som kvart spektrumsløyve omfattar. Dette gjerast slik at beløpet blir fordelt på kvar samanhengande frekvensblokk som kvart spektrumsløyve omfattar ved at vekta bandbreidde rekna ut etter tredje ledd, blir delt på den samla vekta bandbreidda for alle spektrumsløyva det skal betalast sektoravgift for etter denne paragrafen, og multiplisert med beløpet etter første punktum.

Kvar samanhengande frekvensblokk eit spektrumsløyve omfattar blir tilordna ei vekt i høve til bandbreidda og ei vekt i høve til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sin ressursbruk. Vekta bandbreidde blir rekna ut ved at vekta i høve til bandbreidda blir multiplisert med vekta i høve til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sin ressursbruk. Vekta i høve til bandbreidde er lik 1/f, der f er senterfrekvensen i det frekvensbandet frekvensblokka ligg i. Vekta i høve til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sins ressursbruk følgjer av tabellen under. For frekvensband som ikkje er nemnde i tabellen, vert vekta lik 1. For regionale løyve blir vekta multiplisert med brøkdelen av befolkninga i Noreg som er busett i dekningsområdet for løyvet. For løyve som gjeld på Svalbard blir vekta multiplisert med 1/100. For løyve som gjeld offshore blir vekta multiplisert med 1/5.

FrekvensbandVekt
0–30 MHz0,025
47–68 MHz0,1
137–174 MHz4,0
174–240 MHz7,0
380–400 MHz3,0
400–470 MHz6,0
470–694 MHz3,0
738–758 MHz7,0
703–733/758–788 MHz7,0
791–821/832–862 MHz8,0
876–880/921–925 MHz4,0
880–915/925–960 MHz9,0
1427–1517 MHz2,5
1710–1785/1805–1880 MHz17,0
1920–1980/2110–2170 MHz20,0
2500–2690 MHz9,0
3400–3800 MHz6,0
25100–27500 MHz6,0

Endra ved forskrift 29 jan 2024 nr. 135.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-01-17-79
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
c811418c283e
Innholdshash (XML)
6868ecef3141e71768717313461b22f769a8e6b1e725a92cf040f699b319b0ac
Rendererversjon
8
I kraft
2024-01-17
Siste endring i kraft
2026-02-01