§ 9. Sektoravgift for tilbydar av elektronisk kommunikasjonsnett og elektronisk kommunikasjonsteneste

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan i enkeltvedtak fastsetje og krevje inn ei sektoravgift frå tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett og elektronisk kommunikasjonsteneste i samsvar med ekomloven § 17-1 og bredbåndsutbyggingsloven § 22. Sektoravgifta omfattar også Nasjonal kommunikasjonsmyndigheits forvaltningsoppgåver som sektormyndigheit etter sikkerhetsloven.

Sektoravgifta som skal fordelast mellom tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett og elektronisk kommunikasjonsteneste er samla sektoravgift etter § 2 første ledd nummer 1 etter frådrag for sektoravgifter og gebyr etter § 6, § 7, § 8 og § 9a.

Beløpet etter andre ledd skal fordelast forholdsmessig mellom tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett og elektronisk kommunikasjonsteneste. Kvar tilbydar skal betale ein del av dette beløpet som svarar til tilbydaren sin del av den samla relevante omsetninga. Relevant omsetning er omsetning i marknaden for elektronisk kommunikasjonsnett og elektronisk kommunikasjonsteneste knytt til eksternt sal i konsern eller selskap og geografisk avgrensa til Noreg. Omsetning knytt til innhald, til dømes TV-innhald, blir ikkje rekna som omsetning i marknaden for elektronisk kommunikasjonsnett og elektronisk kommunikasjonsteneste.

Det gis eit botnfrådrag på 43 millionar kroner for konsern eller selskap, slik at sektoravgifta blir berekna av omsetning som overstig 43 millionar kroner i siste rekneskapsåret før sektoravgiftsperioden.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan fordele sektoravgifta etter andre kriteria enn omsetning, for å oppnå ei betre forholdsmessig fordeling av sektoravgifta. Kriteria kan mellom anna vere brøkdel av talet på abonnentar eller brøkdel av trafikkvolum på sluttbrukarnivået. Blir eit anna kriterium nytta, skal det gjelde for heile marknadar eller delar av enkeltmarknadar så langt det går. Sektoravgifta skal også etter slike kriteria fordelast etter prinsippet for omsetninga. Det same gjeld vurderinga av samla aktivitet, talet på abonnentar, trafikkvolumet i konsern eller andre grunnlag for fordelinga. Botnfrådraget i fjerde ledd gjeld tilsvarande.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit kan i enkeltvedtak nærmare fastsetje kva slags relevant omsetning som omfattast og skal leggast til grunn for berekninga av sektoravgifta.

Endra ved forskrifter 29 jan 2024 nr. 135, 13 des 2024 nr. 3121 (i kraft 1 jan 2025).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-01-17-79
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
c811418c283e
Innholdshash (XML)
6868ecef3141e71768717313461b22f769a8e6b1e725a92cf040f699b319b0ac
Rendererversjon
8
I kraft
2024-01-17
Siste endring i kraft
2026-02-01