§ 14-1. Grunnlag for vitnemål

(1) Vitnemål og Diploma Supplement for fullført grad eller utdanning ved Høgskulen på Vestlandet skal utferdast, jf. § 2-1 og universitets- og høyskoleloven § 11-12. Diploma Supplement er berre gyldig saman med vitnemålet.

(2) Det blir utferda vitnemål for fullført praktisk pedagogisk utdanning og eittårig yrkesdykkarutdanning.

(3) Vitnemålet og karaktergrunnlaget for vitnemålet skal innehalde opplysningar om:

  1. personalia
  2. alle emne som går inn i grunnlaget for graden eller yrkesutdanninga, inkludert eventuell praksis og emne frå annan institusjon som eventuelt er godskrive i graden
  3. emnekode, namn på emne, studiepoeng, karakter og karakterfordeling per emne og kva semester eksamen er avlagt
  4. sjølvstendig arbeid med eit omfang på minst 15 studiepoeng
  5. karaktersystemet
  6. Stadfesting av praksisopphald i utlandet, i tilfelle der dette ikkje gir studiepoeng og/eller deltaking i internasjonaliseringsaktivitetar heime.

(4) Eventuelle emne studenten har tatt ut over det som trengst for å kvalifisere til graden, blir dokumentert med karakterutskrift frå Vitnemålsportalen eller Studentweb.

(5) Det skal gå fram av vitnemål eller karakterutskrift, dersom ein privatist har fått prøvd kunnskapar og ferdigheiter på ein annan måte enn ein student med opptak til studiet, jf. universitets- og høyskoleloven § 11-12.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10