§ 14-2. Utferding av vitnemål

(1) Vitnemål for fullført grad, yrkesutdanning eller studieprogram, blir utferda automatisk for studentar som fullfører utdanninga på normert tid.

(2) Studentar som er forseinka i studieløpet, må sjølve be om å få vitnemål når utdanninga er fullført.

(3) Høgskulen på Vestlandet utferder vitnemål for ein fullført grad, ei yrkesutdanning eller eit studieprogram ein gong.

(4) Høgskulen kan utferde duplikat av tildelt papirvitnemål etter søknad. Styret fastset storleiken på vederlag for å skrive ut duplikat.

(5) Dersom studenten forbetrar resultat ved å ta ny eksamen etter å ha motteke vitnemål for fullført utdanning, blir dette dokumentert med karakterutskrift frå Vitnemålsportalen eller Studentweb.

(6) Dersom studenten har fått papirvitnemål og karakteren i vitnemålet blir endra etter klagesensur, pliktar studenten å levere inn vitnemålet. Det blir ikkje laga nytt vitnemål før det første vitnemålet er levert inn.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-06-12-1547
Hentet
2026-08-15T04:39:48.557558+00:00
Kilderevisjon
c92dca93cd78
Innholdshash (XML)
f4d6e012e8f89121c7c26941348d5b035df364f18e750f7c378a3540f7610ad2
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-08-10