lovspor

§ 6-16. Avbrot av vurdering

(1) Ei vurdering er avbroten dersom den er starta, og arbeidet ikkje er levert innanfor fristen. Det same gjeld dersom vurderinga består av fleire vurderingsdelar og studenten ikkje leverer, ikkje møter opp e.l. til éin eller fleire av vurderingsdelane.

(2) Brot på dei formelle krava til vurdering (ordgrense m.m.) skal reknast som ikkje levert.

(3) Ei vurdering blir rekna som påbyrja

  1. ved skriftleg skuleeksamen: straks oppgåva er utlevert eller ved førehandskontroll av hjelpemiddel.
  2. ved heimeeksamen: straks oppgåva er tilgjengeleg for studentane.
  3. ved mappevurdering: ved innleveringsfristen for det første av arbeida som går inn i vurderinga.
  4. ved munnleg eller praktisk eksamen: straks studenten tar til med eventuell førebuing, elles når eksaminasjonen startar.
  5. ved praksis: frå første praksisdag.

Om vurderinga består av fleire vurderingsdelar, blir vurderinga rekna som påbyrja når den første vurderingsdelen startar.

(4) For andre vurderingsformer startar vurderinga på det tidspunktet som er bestemt i emneplanen.

(5) Vurderinga sluttar på den tida som fagskulen har bestemt.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-03-07-529
Hentet
2026-10-28T10:21:45.190128+00:00
Kilderevisjon
ddc57959f6f1
Innholdshash (XML)
9d081215b0652845ad9b86b0061499fd402d919a326fcc82e09662078bffc10e
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-10-23