§ 6-17. Kontinuasjonsvurdering

(1) Studentar som har gyldig fråvær til eller har stroke på ordinær vurdering, har rett på kontinuasjonsvurdering. Retten gjeld med dei avgrensingar som følger av § 6-4 og føresegnene i kapittelet her. Kontinuasjonsvurdering tel som eit vurderingsforsøk, jf. § 6-15.

(2) Rett til kontinuasjonsvurdering gjeld ikkje for studentar som

  1. har gjennomført vurdering med bestått resultat
  2. trekker seg frå ordinær vurdering
  3. ikkje møter / ikkje leverer / avbryt ordinær vurdering utan gyldig fråvær
  4. ikkje dokumenterer gyldig fråvær innan fristen
  5. får vurderinga annullert etter fagskoleloven § 24.

Fagskulen kan likevel etter søknad gi studenten høve til å avlegge kontinuasjonsvurdering når det blir arrangert kontinuasjonsvurdering for studentar etter første ledd.

(3) Ved kontinuasjonsvurdering skal vurderinga gjennomførast med same pensum som ved siste ordinære vurdering, og med same vurderingsform.

(4) Dersom studenten ikkje har teljande resultat etter kontinuasjonsvurdering, må studenten framstille seg til ny ordinær vurdering. I slike tilfelle gjeld pensumet, vurderingsforma og eventuelle obligatoriske læringsaktivitetar som er fastsett for den nye vurderingsavviklinga.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-03-07-529
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b6904af271cf31dcdd8fdd3893789b6d483734f3a264ace891444c3374bf57d1
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01