(1) Ein student som har studierett ved Fagskulen Vestland har rett til vurdering i eit emne dersom hen har etterlevd pliktene i § 3-3 andre ledd, og fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar i emnet i samsvar med emneplanen, jf. § 5-4 andre ledd.
(2) Studentar som ikkje oppfyller vilkåra for vurdering skal varslast om dette seinast éi veke før vurderinga.
(3) Studentar som følger normalt studieår blir automatisk meldt opp til ordinær vurdering i emnet. Studentane må sjølv søke om å få avlegge kontinuasjonsvurdering eller ny ordinær vurdering i eit emne.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.