lovspor

§ 6-5. Gjennomføring av vurdering

(1) Så langt reglane her samsvarer med vurderingsforma, pliktar studentane å

  1. svare i samsvar med dei formelle krava til vurderinga (ordgrense m.m.)
  2. følge fagskulen sine reglement
  3. ikkje bruke anna enn lovlege hjelpemiddel
  4. legitimere seg på gyldig måte
  5. levere oppgåvesvaret innanfor fristen
  6. ikkje forstyrre andre i arbeidet, og
  7. rette seg etter meldingar frå fagskulen og eksamensvaktene.

(2) Emneplanen fastset kva hjelpemiddel som er tillate i ein vurderingssituasjon, og reglane for eventuell kontroll av desse.

(3) Studentane skal kjenne til kva reglar som gjeld for bruk av hjelpemiddel og kjelder ved den enkelte vurdering, reglane for eventuell kontroll av desse og kva som blir rekna som fusk eller forsøk på fusk ved bruk av hjelpemiddel og kjelder.

(4) Brot på føresegnene her kan bli rekna som fusk, forsøk på fusk eller medverknad til fusk.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-03-07-529
Hentet
2026-10-28T10:21:45.190128+00:00
Kilderevisjon
ddc57959f6f1
Innholdshash (XML)
9d081215b0652845ad9b86b0061499fd402d919a326fcc82e09662078bffc10e
Rendererversjon
8
I kraft
2025-08-01
Siste endring i kraft
2026-10-23