§ 13-1. Rett til sletting av gjeld for låntakarar som får uføretrygd

Ein låntakar som har minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne og får uføretrygd eller ei tilsvarande yting frå ei utanlandsk trygdeordning, kan ha rett til å få sletta gjelda heilt eller delvis dersom person- og kapitalinntekta i 2021 er 487 065 kr eller lågare. Kravet til varig nedsett inntektsevne er berre 40 prosent dersom låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar heilt fram til vedtaket om uføretrygd.

Låntakaren har rett til å få sletta gjeld etter tabellen nedanfor.

Tabell for 2021 over inntektsgrenser, ny gjeld og nytt terminbeløp etter sletting av gjeld

Person- og kapitalinntekt per årNy gjeldNytt terminbeløp
0–337 791 kr0 kr0 kr
337 792–374 998 kr68 268 kr729 kr
374 999–411 042 kr79 614 kr875 kr
411 043–449 079 kr91 125 kr1 031 kr
449 080–487 065 kr102 471 kr1 175 kr

Inntektsgrensene i tabellen blir heva med 15 903 kr per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Inntekt som er registrert på barna til låntakaren, blir ikkje rekna med.

Søknaden om sletting av gjeld blir behandla etter vilkåra som gjeld i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også dersom vedtaket om uføretrygd er frå før søknadsåret.

Lånekassen hentar inn opplysningar om person- og kapitalinntekt frå skatteetaten.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2020-12-17-3022
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
0cbf6594d2e01147a520260e0a192757df231c5d9c2f31e83342e5fc73b03cc7
Rendererversjon
8
I kraft
2021-01-01
Siste endring i kraft
2021-06-23