Forskrifta gjeld tilbakebetaling av utdanningslån som er gitt etter utdanningsstøtteloven og forskrift om tildeling av utdanningsstøtte.
Forskrifta gir reglar om
Utdanningsgjelda er personleg gjeld og kan ikkje bli overdratt til andre.
Døyr låntakaren, blir gjelda sletta.
Låntakaren pliktar å gi rette og fullstendige opplysningar og skal melde frå dersom noko av det som er nemnt i søknaden, endrar seg.
Låntakaren skal så snart som råd etter flytting melde adresseendring til Lånekassen eller til folkeregisteret. Låntakarar som er busette i utlandet, må melde adresseendring direkte til Lånekassen.
Utdanningslånet er rentefritt under utdanninga. Det blir lagt til renter frå første dag etter at låntakaren ikkje lenger får lån eller stipend etter forskrifta om utdanningsstøtte.
Når låntakaren får lån eller stipend til deltidsutdanning, blir det lagt renter til gjeld frå tidlegare utdanning.
Stipendbeløp som blir omgjort til lån etter behovsprøving etter forskrifta om utdanningsstøtte, får tillagt renter frå datoen for omgjeringa. Renter blir likevel ikkje lagde til før lånet blir sett renteberande etter § 2-1 første ledd.
Lån i Lånekassen har flytande rente så sant låntakaren ikkje inngår avtale om å binde renta.
Annankvar månad tilbyr Lånekassen fast rente for periodar på tre, fem eller ti år.
Det blir rekna renter etter forsinkelsesrenteloven av det forfalne beløpet frå dagen etter betalingsfristen, og av heile lånet frå den datoen lånet er oppsagt på grunn av misleghald.
Utgangspunktet for rentesatsane i Lånekassen er ei basisrente som er fastsett av Finanstilsynet i samsvar med forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 § 5-12-5. Basisrenta blir fastsett med utgangspunkt i uttrekk av prisar på bustadlån frå Finansportalen gjennom ein observasjonsperiode. Basisrenta er lik gjennomsnittet av dei fem lågaste prisane på bustadlån på kvart observasjonstidspunkt i observasjonsperioden. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet.
Flytande basisrente blir fastsett på grunnlag av to månaders observasjon av tilbod om bustadlån med flytande rente. Ny flytande rente tek til å gjelde to månader etter avslutta observasjonsperiode.
Fast basisrente blir fastsett på grunnlag av éin månads observasjon av tilbod om bustadlån med den same rentebindingstida som i avtalen om fast rente på utdanningslånet. Ny fast rente tek til å gjelde éin månad etter avslutta observasjonsperiode.
Lånekassen fastset dei nominelle rentene på lånet til låntakaren. Desse blir rekna ut frå basisrenta minus 0,15 prosentpoeng. Formelen for å rekne ut den nominelle renta er slik:
$$r_n = \left[ (1 + r_e)^{\frac 1n} -1\right] n$$
Teiknforklaring:
| rn | årleg nominell rente i prosent |
|---|---|
| re | basisrenta minus 0,15 prosentpoeng (årleg effektiv rente i prosent før gebyr) |
| n | tolv, som er talet på betalingsterminar per år |
Når effektiv rente skal reknast ut, kjem i tillegg gebyr ved varsling og for sein betaling, og gebyr og kostnader ved innkrevjing, sjå kapittel 4.
Dei nominelle og effektive rentene blir oppgitte med tre desimalar.
Rentebelastning skjer på etterskott med ei nominell perioderente som svarer til den årlege nominelle renta dividert på 365 eller 366 dagar.
Etter kvart forfall blir det rekna renter av renter som ikkje er betalte. Det blir også rekna renter av renter som er lagde til gjelda i perioden frå lånet blir gjort renteberande og fram til første terminforfall, og i periodar med betalingsutsetjing.
For låntakarar som har lån frå før 1. juli 1985, blir det ikkje rekna renter av rentegjeld som er opparbeidd før 1. januar 1990.
Det blir ikkje rekna renter av renter som er lagde til på grunn av forseinka betaling, sjå § 2-3.
Låntakaren kan søkje om fast rente på lånet for ein periode på tre, fem eller ti år. Det er ikkje høve til å binde renta på berre ein del av lånet.
Tabellen viser dei periodane låntakaren kan søkje om fast rente, og kva dato renta gjeld frå:
| Søknadsperiode | Renta gjeld frå |
|---|---|
| 10.–17. februar | 1. mars |
| 10.–17. april | 1. mai |
| 10.–17. juni | 1. juli |
| 10.–17. august | 1. september |
| 10.–17. oktober | 1. november |
| 10.–17. desember | 1. januar |
Desse låntakarane kan ikkje inngå avtale om fast rente:
Låntakarar som har sagt opp avtalen om fast rente før bindingstida er gått ut, kan ikkje inngå ny avtale om fast rente før to månader etter oppseiinga.
Det blir rekna rentetap eller rentegevinst ved
Rentetap eller rentegevinst blir rekna etter reglane i forskrift 7. mai 2010 nr. 654 om kredittavtaler mv. § 9. På betalingstidspunktet reknar Lånekassen ut ei rente for resten av avtaletida. Denne renta er det vekta gjennomsnittet av renta på dei to tilboda om fastrentelån i Lånekassen som rekna i bindingstid ligg nærmast lånet til låntakaren, det eine med kortare og det andre med lengre bindingstid enn den resterande avtaletida. Dersom den ekstra innbetalinga blir gjord på ei tid då det finst tilbod om fast rente, skal renta på desse tilboda brukast. Dersom det ikkje finst noko tilbod om fast rente når den ekstra innbetalinga skjer, skal Lånekassen sine siste tilbod om fastrente brukast. Er det mindre enn tre år att av nedbetalingstida, bruker Lånekassen den flytande renta på innbetalingstidspunktet og Lånekassen sitt siste tilbod om tre års fastrente til å rekne ut ei gjennomsnittleg rente.
Dersom den vekta renta er lågare enn den renta låntakaren har avtalt, blir rentetapet lagt til gjelda til låntakaren.
Dersom den vekta renta er høgare enn den renta låntakaren har avtalt, blir rentegevinsten trekt frå gjelda til låntakaren.
Ved ekstra innbetaling på lån med fast rente blir det rekna rentetap eller rentegevinst etter § 2-7 på den delen av innbetalinga som overstig terminbeløp, gebyr, kostnader og renter som er rekna etter forsinkelsesrenteloven.
Låntakaren kan seie opp avtalen om fast rente. Tabellen viser tidspunktet for overgang til flytande rente, ut frå når oppseiinga kom inn til Lånekassen:
| Søknadstidspunkt | Renta gjeld frå |
|---|---|
| Før 17. februar | 1. mars |
| Før 17. april | 1. mai |
| Før 17. juni | 1. juli |
| Før 17. august | 1. september |
| Før 17. oktober | 1. november |
| Før 17. desember | 1. januar |
Dersom låntakaren seier opp avtalen om fast rente i avtaleperioden, blir det rekna rentetap eller rentegevinst etter § 2-7.
Dersom låntakaren seier opp fastrenteavtalen i bindingstida, kan ikkje renta bindast på nytt før det har gått to månader. I mellomtida er renta flytande.
Avtalen om fast rente blir oppheva dersom låntakaren begynner i fulltids- eller deltidsutdanning i avtaleperioden og får lån eller stipend frå Lånekassen. Renta blir flytande den første dagen i månaden etter at avtalen er oppheva. Det blir rekna rentetap eller rentegevinst i samsvar med reglane i § 2-7.
Avtalen om fast rente blir oppheva dersom gjelda blir overført permanent til Statens innkrevingssentral, sjå kapittel 14.
Det blir ikkje rekna rentetap eller rentegevinst.
Den lengste nedbetalingstida er 20 år frå lånet blir gjort renteberande siste gong. Når ein låntakar får utsett betalinga for ein periode, blir nedbetalingstida til vanleg gjord tilsvarande lengre. Den lengste nedbetalingstida er 30 år.
Utdanningslånet skal betalast etter annuitetsprinsippet. Terminbeløpa blir fastsette på grunnlag av 20 års nedbetalingstid for lån over 267 000 kr. I særlege tilfelle kan Lånekassen fastsetje terminbeløpa på ein annan måte.
Lånet skal vere nedbetalt innan låntakaren fyller 70 år. For låntakarar over 50 år blir terminbeløpa auka slik at nedbetalingstida blir maksimalt 20 år.
Terminbeløpet blir justert når rentesatsen blir endra.
Lånekassen sender ut ein betalingsplan når lånet er gjort renteberande etter § 2-1.
Ein låntakar som har fått betalingsplan og deretter har fått lån eller stipend til ny utdanning, får ny betalingsplan for den samla gjelda.
Låntakarar som har flytande rente, kan innfri gjelda eller betale ned raskare og med større beløp enn det som er fastsett i betalingsplanen, utan ekstra kostnader.
For låntakarar som har fast rente etter § 2-5, vil ekstra innbetaling i avtaleperioden føre til at det blir rekna rentetap eller rentegevinst etter § 2-7 og § 2-8.
Ekstra innbetalingar kan berre refunderast i særlege tilfelle.
Utdanningsgjelda skal nedbetalast månadleg.
Låntakaren får den første rekninga om lag sju månader etter at lånet er gjort renteberande, sjå § 2-1.
Ein låntakar som får lån eller stipend til deltidsutdanning og allereie har ein betalingsplan for lån, skal betale etter denne planen. Når låntakaren ikkje lenger får lån eller stipend, får han eller ho ny betalingsplan for heile gjelda. Låntakaren får ikkje nokon betalingspause som nemnd i andre leddet.
Terminbeløpet skal betalast sjølv om låntakaren ikkje har fått rekninga.
Det blir lagt til eit gebyr på 18 kr for låntakarar som får rekning på papir. Låntakarar som ikkje kan bruke elektronisk varsling på grunn av dokumentert synshemming, slepp dette gebyret.
Ved den første purringa blir det lagt til eit gebyr på 280 kr.
Ved den andre purringa blir eit gebyr på 490 kr lagt til det første gebyret. Den andre purringa er eit varsel om oppseiing av heile gjelda.
Ei innbetaling dekkjer, i denne rekkefølgja: eventuelle inkassokostnader, gebyr, renter og lån.
Låntakaren skal dekkje kostnadene ved betaling av gjelda, til dømes gebyr ved betaling frå utlandet.
Dersom låntakaren ikkje betaler innan fristen i den andre purringa, gjer Lånekassen vedtak om oppseiing av lånet, slik at heile gjelda forfell til betaling. Statens innkrevjingssentral tek over innkrevjinga.
Det blir rekna renter etter forsinkelsesrenteloven av hovudstolen og kapitaliserte renter frå oppseiingsdatoen.
Oppseiinga blir oppheva dersom låntakaren betaler eller får betalingsutsetjing for dei forfalne ubetalte terminbeløpa. Når oppseiinga blir oppheva, trekkjer Lånekassen saka tilbake frå Statens innkrevjingssentral, og låntakaren får igjen rekningar frå Lånekassen.
Dersom låntakaren ikkje betaler heile det ubetalte terminbeløpet, kan Statens innkrevjingssentral og låntakaren inngå betalingsavtale for det forfalne beløpet.
Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Ved vesentleg misleghald kan Statens innkrevjingssentral som særnamsmann gjennomføre utleggsforretning for heile gjelda etter reglane i tvangsfullbyrdingsloven. Statens innkrevjingssentral kan også sende kravet om utlegg til namsmannen på staden.
Dersom dei forfalne terminbeløpa blir betalte, kan innkrevjinga bli stansa.
Dersom låntakaren er busett i utlandet, kan Statens innkrevjingssentral krevje inn gjelda der låntakaren bur. Statens innkrevjingssentral kan bruke inkassobyrå, advokat eller rettsapparatet. Innkrevjinga kan bli stansa dersom dei forfalne terminbeløpa blir betalte, sjølv om saka er oversendt til inkassobyrå eller advokat.
Låntakaren kan bli belasta gebyr og kostnader knytte til tilbakebetaling og innkrevjing av gjelda.
Gjelda til låntakaren kan bli permanent overført til Statens innkrevjingssentral når ho har vore oppsagd i tre år.
Ei permanent overføring av gjelda til Statens innkrevjingssentral fører til tap av rettar etter denne forskrifta og etter forskrifta om tildeling av utdanningsstøtte.
Gjelda blir ikkje permanent overført til Statens innkrevjingssentral dersom eit av desse vilkåra er til stades:
Krav om unntak må vere grunngitt og sett fram innan den fristen som er oppgitt i varselet om permanent overføring av gjelda til Statens innkrevjingssentral. Krav om unntak som kjem etter at gjelda er permanent overført, blir ikkje behandla.
Låntakarar med økonomiske vanskar kan søkje om utanrettsleg gjeldsordning. Søknaden skal rettast til Statens innkrevjingssentral. Søknaden skal innehalde dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda og levekostnadene til låntakaren, og det skal stå kor mange barn han eller ho har. Søknaden skal innehalde tilsvarande opplysningar om ektefellen eller sambuaren i tillegg til anna som kan ha noko å seie for saka.
Låntakarar med økonomiske vanskar kan søkje om gjeldsordning etter gjeldsordningsloven. Søknaden skal rettast til Statens innkrevjingssentral.
I gjeldsforhandlingsperioden og i gjeldsordningsperioden kan låntakaren som hovudregel ikkje få nytt lån eller stipend, med mindre dette er avtalt i ordninga. Misleghald kan føre til avslag på søknad om nytt lån eller stipend.
Lån, renter og kostnader kan bli sletta når det er uråd å drive inn gjelda. Søknaden skal rettast til Statens innkrevjingssentral. Søknaden skal innehalde dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda og levekostnadene til låntakaren, og det skal stå kor mange barn han eller ho har. Søknaden skal innehalde tilsvarande opplysningar om ektefellen eller sambuaren i tillegg til anna som kan ha noko å seie for saka.
I vurderinga av søknaden skal det leggjast vekt på om betalingsevna er varig sterkt nedsett, og kor lenge misleghaldet har vart. Det skal også leggjast vekt på kva tiltak som har vore gjennomførte i saka, og kva tiltak som vil vere mest tenlege for innkrevjinga i framtida. Låntakaren kan ikkje få sletta gjeld dersom det vil verke støytande for andre låntakarar og samfunnet elles.
Låntakaren har ikkje klagerett etter reglane i forvaltningsloven på avgjerder i saker om betalingsordning utanfor gjeldsordningsloven eller i saker om sletting av gjeld som Lånekassen ser det som uråd å drive inn.
Utsetjing med betalinga av eit terminbeløp fører til at nedbetalingstida blir éin månad lengre. Låntakaren kan få utsett betalinga av terminbeløpa opp til 36 gonger for kvart låneforhold, slik at nedbetalingstida blir opp til tre år lengre. Eit låneforhold varer til lånet er innfridd.
Betalingsutsetjing kan likevel ikkje gå ut over rammene for nedbetalingstid i kapittel 3.
Under utbrotet av covid-19 har låntakar i 2021 rett til utsetjing med betalinga av terminbeløp ut over grensa på tre år i § 7-1 første ledd.
Betalingsutsetjing kan likevel ikkje gå ut over rammene for nedbetalingstid i kapittel 3.
Tilføyd ved forskrift 25 feb 2021 nr. 558, endra ved forskrift 23 juni 2021 nr. 2174.
Ein låntakar som oppfyller krava til sletting av renter, har rett til utsetjing med betalinga av terminbeløpa i den same perioden.
Dersom det er sannsynleg at låntakaren vil få innvilga ein søknad om sletting av renter for ein periode, kan det bli gitt betalingsutsetjing for denne perioden. Dette gjeld sjølv om formues- og inntektsskatten for perioden ikkje er fastsett.
Betalingsutsetjing kan likevel ikkje gå ut over rammene for nedbetalingstid i kapittel 3.
Renter blir sletta for ei viss tid dersom låntakaren i den same perioden har inntekt under grensene i § 8-2 og § 8-3 og har oppfylt vilkår i § 8-4 eller § 8-5.
Fulltidsutdanning kan også gi rett til sletting av renter. Sjå § 8-6.
Renter blir sletta på etterskott og for heile månader. Med månad er meint ein periode på 30 dagar.
Ein låntakar som har hatt ei person- og kapitalinntekt per år som er under ei grense i tabellen nedanfor, kan få sletta rentene for så mange månader som er knytte til inntektsgrensa i tabellen, dersom minst eitt av vilkåra i § 8-4 eller § 8-5 var oppfylt desse månadene.
| Tal på månader med rett til sletting av renter | Person- og kapitalinntekt per år | |||
|---|---|---|---|---|
| 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | |
| 1 | 328 071 kr | 338 733 kr | 350 927 kr | 358 647 kr |
| 2 | 322 653 kr | 333 139 kr | 345 132 kr | 352 725 kr |
| 3 | 317 235 kr | 327 545 kr | 339 337 kr | 346 802 kr |
| 4 | 311 816 kr | 321 950 kr | 333 540 kr | 340 878 kr |
| 5 | 306 398 kr | 316 356 kr | 327 745 kr | 334 955 kr |
| 6 | 300 978 kr | 310 760 kr | 321 947 kr | 329 030 kr |
| 7 | 295 562 kr | 305 168 kr | 316 154 kr | 323 109 kr |
| 8 | 290 143 kr | 299 573 kr | 310 358 kr | 317 186 kr |
| 9 | 284 724 kr | 293 978 kr | 304 561 kr | 311 261 kr |
| 10 | 279 306 kr | 288 383 kr | 298 765 kr | 305 338 kr |
| 11 | 273 887 kr | 282 788 kr | 292 968 kr | 299 413 kr |
| 12 | 268 470 kr | 277 195 kr | 287 174 kr | 293 492 kr |
Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2021 blir inntektsgrensa heva med 15 903 kr for kvart barn. For 2020 blir inntektsgrensa heva med 15 561 kr for kvart barn. For 2019 blir inntektsgrensa heva med 15 020 kr for kvart barn. For 2018 blir inntektsgrensa heva med 14 547 kr for kvart barn.
Låntakarar som har fått eller adoptert barn, har hatt omsorgsarbeid, har sona i fengsel eller sikringsanstalt eller har vært i fulltidsarbeid med låg inntekt, kan ha rett til sletting av renter dersom dei i tillegg har hatt låg samla hushaldsinntekt. Den samla person- og kapitalinntekta per år for låntakaren og ektefellen, partnaren eller sambuaren med felles barn må ha vore under grensene i tabellen nedanfor.
| Samla person- og kapitalinntekt per år | ||||
|---|---|---|---|---|
| Talet på barn | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 |
| 0 | 537 038 kr | 554 492 kr | 574 454 kr | 587 092 kr |
| 1 | 566 155 kr | 584 555 kr | 605 599 kr | 618 922 kr |
| 2 | 595 272 kr | 614 618 kr | 636 744 kr | 650 752 kr |
| 3 | 624 389 kr | 644 681 kr | 667 889 kr | 682 582 kr |
| 4 eller fleire | 653 506 kr | 674 744 kr | 699 034 kr | 714 412 kr |
Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp per år for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2021 blir inntektsgrensa heva med 31 830 kr for kvart barn. For 2020 blir inntektsgrensa heva med 31 145 kr for kvart barn. For 2019 blir inntektsgrensa heva med 30 063 kr for kvart barn. For 2018 blir inntektsgrensa heva med 29 117 kr for kvart barn.
Ein låntakar som har hatt ei person- og kapitalinntekt per år under grensene i § 8-2 medan han eller ho oppfylte eit av krava i bokstavane a–g, har rett til å få sletta renter for heile eller delar av den aktuelle perioden. For rett til å få sletta renter etter bokstav c, d, f eller g, må samla hushaldsinntekt i tillegg ha vore under grensene i § 8-3.
Låntakaren var sjuk, registrert arbeidslaus eller mottakar av arbeidsavklaringspengar. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst tre månader samanhengande.
Låntakaren avtente førstegongsteneste i Noreg eller eit anna EØS-land, eller var elev ved ein militær skole. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst tre månader samanhengande.
Låntakaren fekk barn og hadde omsorga for barnet etter fødselen. Låntakaren får sletta renter i opp til tolv månader frå fødselen. Låntakarar som adopterte barn under ti år, får sletta renter etter dei same reglane i opp til tolv månader frå adopsjonsdatoen.
Låntakaren hadde over tre månader i strekk omsorg for nokon i den nærmaste familien. Dette gjeld uføre, menneske med nedsett funksjonsevne og eldre med stort pleiebehov.
Låntakaren hadde i over tre månader i strekk ikkje anna inntekt enn økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven § 18. I slike tilfelle kan renter bli sletta for opp til 36 månader til saman.
Låntakaren hadde i minst tolv månader i strekk fulltidsarbeid og samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2021 er 17 414 kr, for 2020 17 039 kr, for 2019 16 447 kr og for 2018 15 929 kr. Låntakaren kan få sletta renter for opp til 36 månader til saman. Frivillig ulønt arbeid gir ikkje rett til sletting av renter.
Låntakaren sona i fengsel eller sikringsanstalt i minst tolv månader i strekk og hadde samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2021 er 17 414 kr, for 2020 17 039 kr, for 2019 16 447 kr og for 2018 15 929 kr.
Låntakarar som har hatt ei person- og kapitalinntekt per år som er under grensene i § 8-2, har rett til å få sletta renter for heile eller delar av den aktuelle perioden dersom han eller ho i perioden
Ein låntakar som har bestått fulltidsutdanning og dokumenterer å ha hatt rett til lån eller stipend etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, har rett til å få sletta renter for så lang tid som det kunne ha blitt gitt lån eller stipend. Sletting av renter på dette grunnlaget blir ikkje behovsprøvd mot inntekt.
Den som søkjer om sletting av renter, skal dokumentere både inntekta i den aktuelle perioden og at dei andre sosiale og økonomiske vilkåra var oppfylte. Lånekassen hentar inn opplysningar om person- og kapitalinntekt i Noreg direkte frå skatteetaten. Låntakaren må sjølv sende inn dokumentasjon av brutto inntekt per månad, sjå § 8-4 bokstavane f og g.
Dersom låntakaren dokumenterer at ei trygde- eller pensjonsyting er opptent i ein tidlegare periode enn det året ho blei utbetalt og skattlagd, og krev ei vurdering av søknaden om sletting av renter på dette grunnlaget, skal trygde- eller pensjonsytinga fordelast på dei åra ytinga blei opptent. Den nye årsinntekta skal leggjast til grunn både for å avgjere ein ny søknad om sletting av renter og for ei ny prøving av eventuelle tidlegare vedtak om sletting av renter.
I 2021 er det mogleg å søkje om sletting av renter for perioden frå og med 1. januar 2018. Krav om sletting av renter som gjeld forhold før 1. januar 2018, vil ikkje bli behandla. Det kan gjerast unntak frå søknadsfristen i særlege tilfelle.
Låntakarar som tek utdanning, må søkje om sletting av renter seinast tre år etter at utdanninga etter normert tid skulle ha vore ferdig.
Låntakarar kan få sletta delar av utdanningsgjelda dersom dei har vore busette og yrkesaktive i Finnmark eller i ein av kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen eller Karlsøy i Nord-Troms i ein oppteningsperiode på tolv månader. I særlege tilfelle kan ordninga òg omfatte låntakarar som i ei kort tid har hatt arbeid ein annan stad.
Utan omsyn til bustad omfattar ordninga òg låntakarar som i tolv månader i strekk har vore yrkesaktive legar i desse kommunane:
Ordninga gjeld òg låntakarar som har vore yrkesaktive legar i dei tidlegare kommunane Torsken og Berg i Troms, Tysfjord i Nordland og Fosnes i Trøndelag.
Gjeld kan slettast med ti prosent per år rekna av lånesummen ved avslutta utdanning, men ikkje med meir enn 25 000 kr eller mindre enn 2 000 kr per år.
Berre renteberande lån inngår i summen. Dersom gjeld er sletta etter at lånet er gjort renteberande, blir summen redusert tilsvarande. Det same skjer dersom låntakaren har fått lån eller stipend som han eller ho ikkje hadde rett til. Summen blir ikkje endra dersom lån blir gjort om til stipend etter at lånet er gjort renteberande.
Som yrkesaktiv i oppteningsperioden reknar ein den som gjennom oppteningsperioden
Den tida ein låntakar er sjukmeld, blir rekna med i oppteningsperioden.
Låntakaren blir ikkje rekna som yrkesaktiv i den aktuelle perioden dersom han eller ho
Låntakaren blir rekna som busett i Finnmark eller i ein av dei utvalde kommunane i Nord-Troms i oppteningsperioden berre dersom han eller ho gjennom oppteningsperioden hadde både faktisk og folkeregistrert bustad på staden.
Dersom det er dokumentert at låntakaren faktisk var busett og yrkesaktiv på staden, kan Lånekassen i særlege tilfelle slette gjeld sjølv om låntakaren ikkje hadde folkeregistrert adresse på staden i heile oppteningsperioden.
Oppteningsperioden er tolv samanhengande månader. Sletting av gjeld skjer etter at oppteningsperioden er ute.
Oppteningsperioden startar den datoen låntakaren blir rekna som yrkesaktiv og som busett. For låntakarar som held fram med å arbeide etter den første oppteningsperioden og framleis blir rekna som busette, blir seinare oppteningsperiodar rekna frå dagen etter at den første oppteningsperioden er ute.
Dersom oppteningsperioden blir avbroten på grunn av førstegongsteneste eller utdanning, kan det gjerast unntak frå kravet om samanhengande oppteningsperiode. Ved avbrot på grunn av utdanning kan det gjerast unntak berre éin gong og for opp til eitt år.
Dersom oppteningsperioden går over fleire kalenderår, skal forskrifta som gjaldt ved starten av perioden brukast, med mindre reglane blir endra til fordel for låntakaren.
Kvalifiserte lærarar i grunnskolen som har vore yrkesaktive i grunnskolen i Finnmark eller dei utvalde kommunane i Nord-Troms, kan få sletta inntil 20 000 kr ekstra av gjelda i året. Gjeld slettast utan omsyn til bustad.
Med kvalifiserte lærarar i grunnskolen er meint dei som oppfyller kompetansekrava for tilsetting av undervisningspersonell i grunnskolen etter opplæringslova § 10-1 og tilhøyrande forskrift.
Låntakaren må ha vore yrkesaktiv i undervisningsstilling i grunnskolen i tolv samanhengande månader. Oppteningsperioden startar tidlegast frå og med 1. august 2017.
Reglane i kapittelet her gjeld så langt dei passar.
I den første oppteningsperioden skal låntakaren betale avdrag, renter og eventuelle gebyr. I seinare oppteningsperiodar skal låntakaren ikkje betale avdrag, men alle rentene og eventuelle gebyr som er lagde til, skal betalast.
Har låntakaren betalt avdrag på lånet etter den første oppteningsperioden, blir beløpet berre refundert dersom låntakaren ber om det. Krav om refusjon må setjast fram innan tre år etter at avdraget er betalt.
Når det er sendt varsel om oppseiing av lånet, kan ein søknad om sletting av gjeld ikkje behandlast før det forfalne terminbeløpet er betalt, med mindre det kan gjevast betalingsutsetjing.
Forfalne terminbeløp som skulle ha vore betalte før den første oppteningsperioden er ute, blir ikkje sletta. Det blir gjort unntak dersom låntakaren har rett til betalingsutsetjing.
Søknad om sletting av gjeld må sendast inn etter kvar ny oppteningsperiode, med ny dokumentasjon. Søknaden må vere motteken i Lånekassen seinast tre månader etter at oppteningsperioden er ute.
Låntakarar som har fullført visse lærarutdanningar, kan få sletta opp til 50 000 kr av gjelda. Det går fram av § 10-2, § 10-3, § 10-4 og § 10-5 kva utdanningar som er omfatta.
Gjeld blir ikkje sletta meir enn éin gong for kvar lærarutdanning.
Ordninga omfattar låntakarar som har fullført ei av desse utdanningane:
Ordninga omfattar låntakarar som har fullført ei av desse utdanningane:
Nordisk og norsk blir ikkje rekna som framandspråk etter denne ordninga.
Ordninga omfattar låntakarar som har tatt minst 60 studiepoeng i kvensk eller eit samisk språk som ein del av ei av desse utdanningane:
Ordninga omfattar låntakarar som har tatt minst 60 studiepoeng i kvensk eller eit samisk språk i tillegg til ei av desse utdanningane:
Søknad om sletting av gjeld må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at låntakaren har teke siste eksamen i den utdanninga som gir grunnlag for sletting av gjeld.
Lånekassen kan gjere unntak frå fristen dersom det er særlege grunnar til at søknadsfristen ikkje kan bli halden.
Låntakarar kan få sletta delar av utdanningsgjelda dersom dei har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7 eller for trinn 5–10 eller lektorutdanning for trinn 8–13 på normert tid. Låntakaren må òg ha vore yrkesaktiv i ei undervisningsstilling i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa i ei oppteningsperiode etter avslutta utdanning. Ordninga omfattar låntakarar som startar grunnskolelærarutdanning eller lektorutdanning frå og med 2017–2018.
Utan omsyn til fullføring på normert tid omfattar ordninga òg låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7 eller for trinn 5–10 eller lektorutdanning for trinn 8–13, og som i oppteningsperioden har arbeidd i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa i Nordland eller Troms og Finnmark.
Gjeld kan slettast med 106 000 kr for låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7 på normert tid.
Gjeld kan slettast med 51 000 kr for låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 5–10 eller lektorutdanning for trinn 8–13 på normert tid.
Gjeld kan slettast med 55 000 kr for låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7 eller for trinn 5–10 eller lektorutdanning, og som i oppteningsperioden har vore yrkesaktiv i ei undervisningsstilling i grunnskolen eller i den vidaregåande skolen i Nordland eller Troms og Finnmark.
Låntakarar som har rett til sletting av gjeld etter første eller andre ledd kan òg ha rett til sletting av gjeld etter tredje ledd dersom vilkåra for dette er til stades.
Låntakaren kan få sletta gjeld etter § 11-2 første eller andre ledd sjølv om utdanninga ikkje blei gjennomført på normert tid, dersom årsaka til at låntakaren brukte lengre tid var
Låntakaren må ha vore yrkesaktiv i ei undervisningsstilling på minst 50 prosent i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa i minst tre av dei seks første åra etter avslutta utdanning.
Søknad om sletting av gjeld må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at oppteningsperioden er ute
Låntakarar som har vore tekne opp ved ein høgskule eller eit universitet i Noreg etter vilkåra for kvoteordninga, kan få sletta lånet dei har fått under ordninga når dei reiser tilbake til heimlandet for å busetje seg varig der.
Låntakarar som ikkje er busette i heimlandet etter avslutta utdanning, kan likevel få sletta gjeld etter første ledd dersom humanitære grunnar som krig, alvorleg uro eller forfølging hindrar busetjing i heimlandet. Låntakaren skal vere busett i eit anna land som har vore omfatta av kvoteordninga.
Dersom låntakaren vender tilbake til Noreg innan ti år etter vedtak om sletting av gjeld etter kvoteordninga blei treft, blir vedtaket oppheva.
Ein låntakar som har minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne og får uføretrygd eller ei tilsvarande yting frå ei utanlandsk trygdeordning, kan ha rett til å få sletta gjelda heilt eller delvis dersom person- og kapitalinntekta i 2021 er 487 065 kr eller lågare. Kravet til varig nedsett inntektsevne er berre 40 prosent dersom låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar heilt fram til vedtaket om uføretrygd.
Låntakaren har rett til å få sletta gjeld etter tabellen nedanfor.
Tabell for 2021 over inntektsgrenser, ny gjeld og nytt terminbeløp etter sletting av gjeld
| Person- og kapitalinntekt per år | Ny gjeld | Nytt terminbeløp |
|---|---|---|
| 0–337 791 kr | 0 kr | 0 kr |
| 337 792–374 998 kr | 68 268 kr | 729 kr |
| 374 999–411 042 kr | 79 614 kr | 875 kr |
| 411 043–449 079 kr | 91 125 kr | 1 031 kr |
| 449 080–487 065 kr | 102 471 kr | 1 175 kr |
Inntektsgrensene i tabellen blir heva med 15 903 kr per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Inntekt som er registrert på barna til låntakaren, blir ikkje rekna med.
Søknaden om sletting av gjeld blir behandla etter vilkåra som gjeld i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også dersom vedtaket om uføretrygd er frå før søknadsåret.
Lånekassen hentar inn opplysningar om person- og kapitalinntekt frå skatteetaten.
Dersom låntakaren får lån eller stipend etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, blir vedtaket om sletting av gjeld oppheva. Renter som er sletta, blir ikkje lagde til igjen. Er vedtaket om sletting av gjeld gjort for meir enn ti år sidan, blir det ikkje oppheva.
Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld som er permanent overført til Statens innkrevjingssentral, får lagt til renter etter forsinkelsesrenteloven.
Ei innbetaling dekkjer, i denne rekkefølgja: inkassokostnader, gebyr, renter og lån.
Statens innkrevjingssentral er kreditor for utdanningsgjeld som er permanent overført frå Lånekassen.
Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Som særnamsmann kan Statens innkrevjingssentral halde utleggsforretning for heile gjelda etter reglane i tvangsfullbyrdingsloven. Statens innkrevjingssentral kan òg sende krav om utlegg til namsmannen på staden.
Låntakarar med økonomiske vanskar kan søkje om gjeldsordning etter gjeldsordningsloven. Søknaden skal rettast til Statens innkrevjingssentral.
Når Lånekassen har overført utdanningsgjeld permanent til Statens innkrevjingssentral, kan Statens innkrevjingssentral inngå avtale om utanrettsleg gjeldsordning.
Ein søknad om utanrettsleg gjeldsordning skal ha med dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda og levekostnadene til låntakaren, og det skal stå kor mange barn han eller ho har. Søknaden skal innehalde tilsvarande opplysningar om ektefellen eller sambuaren i tillegg til anna som kan ha noko å seie for saka.
Reglane i gjeldsordningsloven gjeld som utfyllande regelverk.
Statens innkrevjingssentral kan slette lån, renter og kostnader dersom låntakaren har varig sterkt nedsett betalingsevne. Låntakaren kan ikkje få sletta gjeld dersom det vil verke støytande overfor andre låntakarar og samfunnet elles.
Ein søknad om sletting av gjeld skal ha med dokumenterte opplysningar om inntekta, formuen, gjelda, og levekostnadene til låntakaren, og det skal stå kor mange barn han eller ho har. Søknaden skal innehalde tilsvarande opplysningar om ektefellen eller sambuaren i tillegg til anna som kan ha noko å seie for saka.
Døyr låntakaren, blir gjelda sletta.
Låntakaren har ikkje rett til å klage etter reglane i forvaltningsloven på avgjerder i saker om sletting av gjeld på grunn av varig sterkt nedsett betalingsevne.
Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og såleis har fått eller prøvd å få utbetalt eller godskrive lån eller stipend som han eller ho ikkje har rett til, kan låntakaren misse retten til sletting av renter, betalingsutsetjing og sletting av gjeld. Lånekassen kan krevje beløpet tilbakebetalt og rekne renter frå det tidspunktet låntakaren fekk tildelt lån eller stipend. Heile gjelda kan seiast opp og krevjast inn.
Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og såleis har fått sletta renter eller gjeld som han eller ho ikkje har rett til, kan låntakaren misse retten til betalingsutsetjing og sletting av renter og gjeld.
I vurderinga av misleghaldet skal hovudvekta leggjast på kor lenge misleghaldet har vart, og kor mykje urettkommen lån eller stipend eller sletting av renter eller gjeld låntakaren har fått.
Misleghald av betalingsplikta kan føre til avslag på søknad om lån eller stipend til ny utdanning etter forskrift om tildeling av utdanningsstøtte, og avslag på søknad om betalingsutsetjing, sletting av renter og gjeld.
Forskrifta gjeld frå 1. januar 2021.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.