§ 2-6. Unntak frå retten til å inngå avtale om fast rente

Desse låntakarane kan ikkje inngå avtale om fast rente:

  1. låntakarar under 18 år
  2. låntakarar som har kortare nedbetalingstid enn avtaleperioden
  3. låntakarar som får lån eller stipend til fulltidsutdanning
  4. låntakarar i deltidsutdanning som får lån eller stipend frå Lånekassen og har eit renteberande lån frå tidlegare utdanning
  5. låntakarar med oppsagt lån
  6. låntakarar i gjeldsordning.

Låntakarar som har sagt opp avtalen om fast rente før bindingstida er gått ut, kan ikkje inngå ny avtale om fast rente før to månader etter oppseiinga.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2020-12-17-3022
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
0cbf6594d2e01147a520260e0a192757df231c5d9c2f31e83342e5fc73b03cc7
Rendererversjon
8
I kraft
2021-01-01
Siste endring i kraft
2021-06-23