§ 8-2. Krav til eiga inntekt

Ein låntakar som har hatt ei person- og kapitalinntekt per år som er under ei grense i tabellen nedanfor, kan få sletta rentene for så mange månader som er knytte til inntektsgrensa i tabellen, dersom minst eitt av vilkåra i § 8-4 eller § 8-5 var oppfylt desse månadene.

Tal på månader med rett til sletting av renterPerson- og kapitalinntekt per år
2018201920202021
1328 071 kr338 733 kr350 927 kr358 647 kr
2322 653 kr333 139 kr345 132 kr352 725 kr
3317 235 kr327 545 kr339 337 kr346 802 kr
4311 816 kr321 950 kr333 540 kr340 878 kr
5306 398 kr316 356 kr327 745 kr334 955 kr
6300 978 kr310 760 kr321 947 kr329 030 kr
7295 562 kr305 168 kr316 154 kr323 109 kr
8290 143 kr299 573 kr310 358 kr317 186 kr
9284 724 kr293 978 kr304 561 kr311 261 kr
10279 306 kr288 383 kr298 765 kr305 338 kr
11273 887 kr282 788 kr292 968 kr299 413 kr
12268 470 kr277 195 kr287 174 kr293 492 kr

Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2021 blir inntektsgrensa heva med 15 903 kr for kvart barn. For 2020 blir inntektsgrensa heva med 15 561 kr for kvart barn. For 2019 blir inntektsgrensa heva med 15 020 kr for kvart barn. For 2018 blir inntektsgrensa heva med 14 547 kr for kvart barn.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2020-12-17-3022
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
0cbf6594d2e01147a520260e0a192757df231c5d9c2f31e83342e5fc73b03cc7
Rendererversjon
8
I kraft
2021-01-01
Siste endring i kraft
2021-06-23