§ 9-3. Vilkår for å bli rekna som yrkesaktiv
Som yrkesaktiv i oppteningsperioden reknar ein den som gjennom oppteningsperioden
- hadde arbeid tilsvarande minst 50 prosent av fulltidsarbeid
- hadde fulltidsarbeid i minst seks månader og var registrert som arbeidssøkjar til fulltidsarbeid i resten av perioden
- hadde omsorg for barn født i 2011 eller seinare eller hadde særleg tyngjande omsorgsplikter i den nærmaste familien
- hadde studiepermisjon med lønn eller stipend tilsvarande minst 50 prosent av full stilling, dersom lønna blei betalt av ein arbeidsgivar i Finnmark eller i ein av dei utvalde kommunane i Nord-Troms
- var tilsett i transportsektoren, på skip, på oljeleitingsfartøy eller på faste installasjonar på kontinentalsokkelen og samtidig blei rekna som busett etter § 9-5
- hadde arbeid som lege i ein av dei utvalde kommunane nemnde i § 9-1 andre ledd.
Den tida ein låntakar er sjukmeld, blir rekna med i oppteningsperioden.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2020-12-17-3022
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 0cbf6594d2e01147a520260e0a192757df231c5d9c2f31e83342e5fc73b03cc7
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2021-01-01
- Siste endring i kraft
- 2021-06-23