§ 8-2. Krav til eiga inntekt

Ein låntakar som har hatt ei person- og kapitalinntekt per år som er under ei grense i tabellen nedanfor, kan få sletta rentene for så mange månader som er knytte til inntektsgrensa i tabellen, dersom minst eitt av vilkåra i § 8-4 eller § 8-5 var oppfylt desse månadene.

Tal på månader med rett til sletting av renterPerson- og kapitalinntekt per år
2019202020212022
1338 733 kr350 927 kr358 647 kr369 406 kr
2333 139 kr345 132 kr352 725 kr363 307 kr
3327 545 kr339 337 kr346 802 kr357 206 kr
4321 950 kr333 540 kr340 878 kr351 104 kr
5316 356 kr327 745 kr334 955 kr345 004 kr
6310 760 kr321 947 kr329 030 kr338 901 kr
7305 168 kr316 154 kr323 109 kr332 802 kr
8299 573 kr310 358 kr317 186 kr326 702 kr
9293 978 kr304 561 kr311 261 kr320 599 kr
10288 383 kr298 765 kr305 338 kr314 498 kr
11282 788 kr292 968 kr299 413 kr308 395kr
12277 195 kr287 174 kr293 492 kr302 297 kr

Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2022 blir inntektsgrensa heva med 16 380 kr for kvart barn. For 2021 blir inntektsgrensa heva med 15 903 kr for kvart barn. For 2020 blir inntektsgrensa heva med 15 561 kr for kvart barn. For 2019 blir inntektsgrensa heva med 15 020 for kvart barn. Avkasting av formuen til barn av låntakaren dersom formuen blir forvalta av statsforvaltaren, blir ikkje rekna med.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2021-12-15-3636
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
1818a33e22709d9e917510b1ab307a658b0e8e30d68fd5fa9cb6437c5b664296
Rendererversjon
8
I kraft
2022-01-01
Siste endring i kraft
2022-01-27