§ 8-4. Andre sosiale og økonomiske vilkår
Ein låntakar som har hatt ei person- og kapitalinntekt per år under grensene i § 8-2 medan han eller ho oppfylte eit av krava i bokstavane a-g, har rett til å få sletta renter for heile eller delar av den aktuelle perioden. For rett til å få sletta renter etter bokstav c, d, f eller g, må samla hushaldsinntekt i tillegg ha vore under grensene i § 8-3.
- Sjukdom eller arbeidsløyse
Låntakaren var sjuk, registrert arbeidslaus eller mottakar av arbeidsavklaringspengar. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst tre månader samanhengande.
- Førstegongsteneste og utdanning i Forsvaret
Låntakaren avtente førstegongsteneste i Noreg eller eit anna EØS-land, eller var elev ved ein militær skole. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst tre månader samanhengande.
- Fødsel eller adopsjon
Låntakaren fekk barn og hadde omsorga for barnet etter fødselen. Låntakaren får sletta renter i opp til tolv månader frå fødselen. Låntakarar som adopterte barn under ti år, får sletta renter etter dei same reglane i opp til tolv månader frå adopsjonsdatoen.
- Omsorgsarbeid
Låntakaren hadde over tre månader i strekk omsorg for nokon i den nærmaste familien. Dette gjeld uføre, menneske med nedsett funksjonsevne og eldre med stort pleiebehov.
- *Økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven*
Låntakaren hadde i over tre månader i strekk ikkje anna inntekt enn økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven § 18. I slike tilfelle kan renter bli sletta for opp til 36 månader til saman.
- Fulltidsarbeid med låg brutto inntekt
Låntakaren hadde i minst tolv månader i strekk fulltidsarbeid og samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2022 er 17 936 kr, for 2021 17 414 kr, for 2020 17 039 kr og for 2019 16 447 kr. Låntakaren kan få sletta renter for opp til 36 månader til saman. Frivillig ulønt arbeid gir ikkje rett til sletting av renter.
- Soning
Låntakaren sona i fengsel eller sikringsanstalt i minst tolv månader i strekk og hadde samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2022 er 17 936 kr, for 2021 17 414 kr, for 2020 17 039 kr og for 2019 16 447 kr.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2021-12-15-3636
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 1818a33e22709d9e917510b1ab307a658b0e8e30d68fd5fa9cb6437c5b664296
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2022-01-01
- Siste endring i kraft
- 2022-01-27