§ 27. Gjeld som ikkje blir permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita

Gjelda blir ikkje permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita dersom eitt av desse vilkåra er til stades:

  1. Låntakaren har ei frivillig eller tvungen betalingsordning.
  2. Låntakaren har betalt inn eit beløp tilsvarande minst 6 terminbeløp dei siste 12 månadene.
  3. Låntakaren sannsynleggjer at den noverande situasjonen gir rett til betalingsutsetjing, sletting av renter eller sletting av gjeld.
  4. Det finst særlege grunnar til ikkje å overføre gjelda.

Krav om unntak skal vere grunngitt og sett fram innan den fristen som er oppgitt i varselet om permanent overføring av gjelda til Innkrevjingsmyndigheita. Krav om unntak som kjem etter at gjelda er permanent overført, blir ikkje behandla.

Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2022-12-15-2259
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ccefdf786825a9b656372dcb892d8f662bc47ed62ab072736e3d2941f1be5d0b
Rendererversjon
8
I kraft
2023-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01