Forskrifta gjeld tilbakebetaling av utdanningslån som er gitt etter utdanningsstøttelova og forskrift om utdanningsstøtte.
Forskrifta gir reglar om
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Utdanningsgjelda er personleg gjeld og kan ikkje bli overdratt til andre.
Døyr låntakaren, blir gjelda sletta.
Låntakaren pliktar å gi rette og fullstendige opplysningar og skal melde frå dersom noko av det som er nemnt i søknaden, endrar seg.
Låntakaren skal så snart som råd etter flytting melde adresseendring til Lånekassen eller til Folkeregisteret i Norge. Låntakarar som er busette i utlandet, skal melde adresseendring direkte til Lånekassen.
Utdanningslånet er rentefritt under utdanninga. Det blir lagt til renter frå første dag etter at låntakaren ikkje lenger får lån eller stipend etter forskrifta om utdanningsstøtte.
Når låntakaren får lån eller stipend til deltidsutdanning, blir det lagt renter til gjeld frå tidlegare utdanning.
Stipendbeløp som blir omgjort til lån etter behovsprøving etter forskrifta om utdanningsstøtte, får tillagt renter frå datoen for omgjeringa. Renter blir likevel ikkje lagde til før lånet blir sett renteberande etter første ledd.
Lån i Lånekassen har flytande rente så sant låntakaren ikkje inngår avtale om å binde renta.
Annankvar månad tilbyr Lånekassen fast rente for periodar på 3, 5 eller 10 år.
Det blir rekna renter etter forseinkingsrentelova av det forfalne beløpet frå dagen etter betalingsfristen, og av heile lånet frå den datoen lånet er oppsagt på grunn av misleghald.
Utgangspunktet for rentesatsane i Lånekassen er ei basisrente som er fastsett av Finanstilsynet i samsvar med forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skattelova av 26. mars 1999 nr. 14 § 5-12-5. Basisrenta blir fastsett med utgangspunkt i uttrekk av prisar på bustadlån frå Finansportalen gjennom ein observasjonsperiode. Basisrenta er lik gjennomsnittet av dei 5 lågaste prisane på bustadlån på kvart observasjonstidspunkt i observasjonsperioden. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet.
Flytande basisrente blir fastsett på grunnlag av 2 månaders observasjon av tilbod om bustadlån med flytande rente. Ny flytande rente tek til å gjelde 2 månader etter avslutta observasjonsperiode.
Fast basisrente blir fastsett på grunnlag av 1 månads observasjon av tilbod om bustadlån med den same rentebindingstida som i avtalen om fast rente på utdanningslånet. Ny fast rente tek til å gjelde 1 månad etter avslutta observasjonsperiode.
Lånekassen fastset dei nominelle rentene på lånet til låntakaren. Desse blir rekna ut frå basisrenta minus 0,15 prosentpoeng. Formelen for å rekne ut den nominelle renta er slik:
$$r_n = \begin{bmatrix}(1 + r_e)\frac{1}{n} - 1 \end{bmatrix}n$$
Teiknforklaring:
| rn | årleg nominell rente i prosent |
|---|---|
| re | basisrenta minus 0,15 prosentpoeng (årleg effektiv rente i prosent før gebyr) |
| n | tolv, som er talet på betalingsterminar per år |
Når effektiv rente skal reknast ut, kjem i tillegg gebyr ved varsling og for sein betaling, og gebyr og kostnader ved innkrevjing, sjå kapittel 4.
Dei nominelle og effektive rentene blir oppgitte med 3 desimalar.
Rentebelastning skjer på etterskott med ei nominell perioderente som svarer til den årlege nominelle renta dividert på 365 eller 366 dagar.
Etter kvart forfall blir det rekna renter av renter som ikkje er betalte. Det blir også rekna renter av renter som er lagde til gjelda i perioden frå lånet blir gjort renteberande og fram til første terminforfall, og i periodar med betalingsutsetjing.
For låntakarar som har lån frå før 1. juli 1985, blir det ikkje rekna renter av rentegjeld som er opparbeidd før 1. januar 1990.
Det blir ikkje rekna renter av renter som er lagde til på grunn av forseinka betaling, sjå § 6.
Låntakaren kan søkje om fast rente på lånet for ein periode på 3, 5 eller 10 år. Det er ikkje høve til å binde renta på berre ein del av lånet.
Tabellen viser dei periodane låntakaren kan søkje om fast rente, og kva dato renta gjeld frå:
| Søknadsperiode | Renta gjeld frå |
|---|---|
| 10.–17. februar | 1. mars |
| 10.–17. april | 1. mai |
| 10.–17. juni | 1. juli |
| 10.–17. august | 1. september |
| 10.–17. oktober | 1. november |
| 10.–17. desember | 1. januar |
Desse låntakarane kan ikkje inngå avtale om fast rente:
Låntakarar som har sagt opp avtalen om fast rente før bindingstida er gått ut, kan ikkje inngå ny avtale om fast rente før 2 månader etter oppseiinga.
Det blir rekna rentetap eller rentegevinst ved
Rentetap eller rentegevinst blir rekna etter reglane i forskrift 19. september 2022 nr. 1612 om finansavtaler (finansavtaleforskriften) § 2-1 andre ledd. På betalingstidspunktet reknar Lånekassen ut ei rente for resten av avtaletida. Denne renta er det vekta gjennomsnittet av renta på dei 2 tilboda om fastrentelån i Lånekassen som rekna i bindingstid ligg nærmast lånet til låntakaren, det eine med kortare og det andre med lengre bindingstid enn den resterande avtaletida. Dersom den ekstra innbetalinga blir gjord på ei tid då det finst tilbod om fast rente, skal renta på desse tilboda brukast. Dersom det ikkje finst noko tilbod om fast rente når den ekstra innbetalinga skjer, skal Lånekassen sine siste tilbod om fastrente brukast. Er det mindre enn 3 år att av nedbetalingstida, bruker Lånekassen den flytande renta på innbetalingstidspunktet og Lånekassen sitt siste tilbod om 3 års fastrente til å rekne ut ei gjennomsnittleg rente.
Dersom den vekta renta er lågare enn den renta låntakaren har avtalt, blir rentetapet lagt til gjelda til låntakaren.
Dersom den vekta renta er høgare enn den renta låntakaren har avtalt, blir rentegevinsten trekt frå gjelda til låntakaren.
Ved ekstra innbetaling på lån med fast rente blir det rekna rentetap eller rentegevinst etter § 10 på den delen av innbetalinga som overstig terminbeløp, gebyr, kostnader og renter som er rekna etter forseinkingsrentelova.
Låntakaren kan seie opp avtalen om fast rente. Tabellen viser tidspunktet for overgang til flytande rente, ut frå når oppseiinga kom inn til Lånekassen:
| Søknadstidspunkt | Renta gjeld frå |
|---|---|
| Før 17. februar | 1. mars |
| Før 17. april | 1. mai |
| Før 17. juni | 1. juli |
| Før 17. august | 1. september |
| Før 17. oktober | 1. november |
| Før 17. desember | 1. januar |
Dersom låntakaren seier opp avtalen om fast rente i avtaleperioden, blir det rekna rentetap eller rentegevinst etter § 10.
Dersom låntakaren seier opp fastrenteavtalen i bindingstida, kan ikkje renta bindast på nytt før det har gått 2 månader. I mellomtida er renta flytande.
Avtalen om fast rente blir oppheva dersom låntakaren begynner i fulltids- eller deltidsutdanning i avtaleperioden og får lån eller stipend frå Lånekassen. Renta blir flytande den første dagen i månaden etter at avtalen er oppheva. Det blir rekna rentetap eller rentegevinst i samsvar med reglane i § 10.
Avtalen om fast rente blir oppheva dersom gjelda blir overført permanent til Innkrevjingsmyndigheita.
Det blir ikkje rekna rentetap eller rentegevinst.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Den lengste nedbetalingstida er 20 år frå lånet blir gjort renteberande siste gong. Når ein låntakar får utsett betalinga for ein periode, blir nedbetalingstida til vanleg gjord tilsvarande lengre. Den lengste nedbetalingstida er 30 år.
Utdanningslånet skal betalast etter annuitetsprinsippet. Terminbeløpa blir fastsette på grunnlag av 20 års nedbetalingstid for lån over 318 000 kr. I særlege tilfelle kan Lånekassen fastsetje terminbeløpa på ein annan måte.
Lånet skal vere nedbetalt innan låntakaren fyller 70 år. For låntakarar over 50 år blir terminbeløpa auka slik at nedbetalingstida blir maksimalt 20 år.
Terminbeløpet blir justert når rentesatsen blir endra.
Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Lånekassen sender ut ein betalingsplan når lånet er gjort renteberande etter § 4.
Ein låntakar som har fått betalingsplan og deretter har fått lån eller stipend til ny utdanning, får ny betalingsplan for den samla gjelda.
Låntakarar som har flytande rente, kan innfri gjelda eller betale ned raskare og med større beløp enn det som er fastsett i betalingsplanen, utan ekstra kostnader.
For låntakarar som har fast rente etter § 8, vil ekstra innbetaling i avtaleperioden føre til at det blir rekna rentetap eller rentegevinst etter § 10 og § 11.
Ekstra innbetalingar kan berre refunderast i særlege tilfelle.
Utdanningsgjelda skal nedbetalast månadleg.
Låntakaren får den første rekninga om lag 7 månader etter at lånet er gjort renteberande, sjå § 4.
Ein låntakar som får lån eller stipend til deltidsutdanning og allereie har ein betalingsplan for lån, skal betale etter denne planen. Når låntakaren ikkje lenger får lån eller stipend, får låntakaren ny betalingsplan for heile gjelda. Låntakaren får ikkje nokon betalingspause som nemnd i andre leddet.
Terminbeløpet skal betalast sjølv om låntakaren ikkje har fått rekninga.
Det blir lagt til eit gebyr på 18 kr for låntakarar som får rekning på papir. Låntakarar som ikkje kan bruke elektronisk varsling på grunn av dokumentert synshemming, slepp dette gebyret.
Ved den første purringa blir det lagt til eit gebyr på 280 kr.
Ved den andre purringa blir eit gebyr på 490 kr lagt til det første gebyret. Den andre purringa er eit varsel om oppseiing av heile gjelda.
Ei innbetaling dekkjer, i denne rekkefølgja: eventuelle inkassokostnader, gebyr, renter og lån.
Låntakaren skal dekkje kostnadene ved betaling av gjelda, til dømes gebyr ved betaling frå utlandet.
Dersom låntakaren ikkje betaler innan fristen i den andre purringa, gjer Lånekassen vedtak om oppseiing av lånet, slik at heile gjelda forfell til betaling. Innkrevjingsmyndigheita tek over innkrevjinga.
Det blir rekna renter etter forseinkingsrentelova av hovudstolen og kapitaliserte renter frå oppseiingsdatoen.
Oppseiinga blir oppheva dersom låntakaren betaler eller får betalingsutsetjing for det forfalne beløpet. Når oppseiinga blir oppheva, trekkjer Lånekassen saka tilbake frå Innkrevjingsmyndigheita, og låntakaren får igjen rekningar frå Lånekassen. Forseinkingsrentene vil inngå i den ordinære nedbetalinga av gjelda i Lånekassen.
Endra ved forskrifter 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Dersom låntakaren ikkje betaler heile det ubetalte terminbeløpet, kan Innkrevjingsmyndigheita og låntakaren inngå betalingsavtale for det forfalne beløpet.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Innkrevjingsmyndigheita krev inn gjelda etter innkrevjingslova.
Dersom dei forfalne terminbeløpa blir betalte, kan innkrevjinga bli stansa.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Dersom låntakaren er busett i utlandet, kan Innkrevjingsmyndigheita krevje inn gjelda der låntakaren bur. Innkrevjingsmyndigheita kan bruke inkassobyrå, advokat eller rettsapparatet. Innkrevjinga kan bli stansa dersom dei forfalne terminbeløpa blir betalte, sjølv om saka er oversendt til inkassobyrå eller advokat.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Låntakaren kan bli belasta gebyr og kostnader knytte til tilbakebetaling og innkrevjing av gjelda.
Gjelda til låntakaren kan bli permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita når ho har vore oppsagd i 3 år.
Ei permanent overføring av gjelda til Innkrevjingsmyndigheita fører til tap av rettar etter denne forskrifta og etter forskrifta om utdanningsstøtte.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Gjelda blir ikkje permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita dersom eitt av desse vilkåra er til stades:
Krav om unntak skal vere grunngitt og sett fram innan den fristen som er oppgitt i varselet om permanent overføring av gjelda til Innkrevjingsmyndigheita. Krav om unntak som kjem etter at gjelda er permanent overført, blir ikkje behandla.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Overskrifta endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Oppheva ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Låntakarar med økonomiske vanskar kan søkje om gjeldsordning etter gjeldsordningslova. Søknaden skal rettast til Innkrevjingsmyndigheita.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
I gjeldsforhandlingsperioden og i gjeldsordningsperioden kan låntakaren som hovudregel ikkje få nytt lån eller stipend, med mindre dette er avtalt i ordninga. Misleghald kan føre til avslag på søknad om nytt lån eller stipend.
Oppheva ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Oppheva ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Utsetjing med betalinga av eit terminbeløp fører til at nedbetalingstida blir 1 månad lengre. Låntakaren kan få utsett betalinga av terminbeløpa opp til 36 gonger for kvart låneforhold, slik at nedbetalingstida blir opp til 3 år lengre. Eit låneforhold varer til lånet er innfridd.
Betalingsutsetjing kan likevel ikkje gå ut over rammene for nedbetalingstid i kapittel 3.
Ein låntakar som oppfyller krava til sletting av renter, har rett til utsetjing med betalinga av terminbeløpa i den same perioden.
Dersom det er sannsynleg at låntakaren vil få innvilga ein søknad om sletting av renter for ein periode, kan det bli gitt betalingsutsetjing for denne perioden. Dette gjeld sjølv om formues- og inntektsskatten for perioden ikkje er fastsett.
Betalingsutsetjing kan likevel ikkje gå ut over rammene for nedbetalingstid i kapittel 3.
Renter blir sletta for ei viss tid dersom låntakaren i den same perioden har inntekt under grensene i § 36 og § 37 og har oppfylt vilkår i § 38 eller § 39.
Fulltidsutdanning kan også gi rett til sletting av renter. Sjå § 40.
Renter blir sletta på etterskott og for heile månader. Med månad er meint ein periode på 30 dagar.
Ein låntakar som har hatt ei brutto person- og kapitalinntekt per år som er under ei grense i tabellen nedanfor, kan få sletta rentene for så mange månader som er knytte til inntektsgrensa i tabellen, dersom minst eitt av vilkåra i § 38 eller § 39 var oppfylt desse månadene.
| Tal på månader med rett til sletting av renter | Brutto person- og kapitalinntekt per år | |||
|---|---|---|---|---|
| 2023 | 2024 | 2025 | 2026 | |
| 1 | 384 921 kr | 403 782 kr | 421 952 kr | 438 830 kr |
| 2 | 378 566 kr | 397 116 kr | 414 986 kr | 431 585 kr |
| 3 | 372 209 kr | 390 447 kr | 408 017 kr | 424 338 kr |
| 4 | 365 850 kr | 383 777 kr | 401 047 kr | 417 089 kr |
| 5 | 359 494 kr | 377 109 kr | 394 079 kr | 409 842 kr |
| 6 | 353 135 kr | 370 439 kr | 387 109 kr | 402 593 kr |
| 7 | 346 780 kr | 363 772 kr | 380 142 kr | 395 348 kr |
| 8 | 340 423 kr | 357 104 kr | 373 174 kr | 388 101 kr |
| 9 | 334 064 kr | 350 433 kr | 366 202 kr | 380 850 kr |
| 10 | 327 707 kr | 343 765 kr | 359 234 kr | 373 603 kr |
| 11 | 321 348 kr | 337 094 kr | 352 263 kr | 366 354 kr |
| 12 | 314 993 kr | 330 428 kr | 345 297 kr | 359 109 kr |
Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2026 blir inntektsgrensa heva med 19 458 kr for kvart barn. For 2025 blir inntektsgrensa heva med 18 710 kr for kvart barn. For 2024 blir inntektsgrensa heva med 17 904 kr for kvart barn. For 2023 blir inntektsgrensa heva med 17 068 kr for kvart barn.
Avkasting av formuen til barn av låntakaren dersom formuen blir forvalta av statsforvaltaren, blir ikkje rekna med.
Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Låntakarar som har fått eller adoptert barn, har hatt omsorgsarbeid, har sona i fengsel eller sikringsanstalt eller har vært i fulltidsarbeid med låg inntekt, kan ha rett til sletting av renter dersom dei i tillegg har hatt låg samla hushaldsinntekt. Den samla brutto person- og kapitalinntekta per år for låntakaren og ektefellen, partnaren eller sambuaren med felles barn skal ha vore under grensene i tabellen nedanfor.
| Samla brutto person- og kapitalinntekt per år | ||||
|---|---|---|---|---|
| Talet på barn | 2023 | 2024 | 2025 | 2026 |
| 0 | 630 103 | 660 978 | 690 722 | 718 351 |
| 1 | 664 265 | 696 814 | 728 171 | 757 298 |
| 2 | 698 427 | 732 650 | 765 620 | 796 245 |
| 3 | 732 589 | 768 486 | 803 069 | 835 192 |
| 4 eller fleire | 766 751 | 804 322 | 840 518 | 874 139 |
Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp per år for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2026 blir inntektsgrensa heva med 38 947 kr for kvart barn. For 2025 blir inntektsgrensa heva med 37 449 kr for kvart barn. For 2024 blir inntektsgrensa heva med 35 836 kr for kvart barn. For 2023 blir inntektsgrensa heva med 34 162 kr for kvart barn.
Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Ein låntakar som har hatt ei brutto person- og kapitalinntekt per år under grensene i § 36 medan låntakaren oppfylte eit av krava i bokstavane a–g, har rett til å få sletta renter for heile eller delar av den aktuelle perioden. For rett til å få sletta renter etter bokstav c, d, f eller g, skal samla hushaldsinntekt i tillegg ha vore under grensene i § 37.
Låntakaren var sjuk, registrert arbeidslaus eller mottakar av arbeidsavklaringspengar. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst 3 månader samanhengande.
Låntakaren avtente førstegongsteneste i Noreg eller eit anna EØS-land, eller var elev ved ein militær skole. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst 3 månader samanhengande.
Låntakaren fekk barn og hadde omsorga for barnet etter fødselen. Låntakaren får sletta renter i opp til 12 månader frå fødselen. Låntakarar som adopterte barn under 10 år, får sletta renter etter dei same reglane i opp til 12 månader frå adopsjonsdatoen.
Låntakaren hadde over 3 månader i strekk omsorg for nokon i den nærmaste familien. Dette gjeld uføre, menneske med nedsett funksjonsevne og eldre med stort pleiebehov.
Låntakaren hadde i over 3 månader i strekk ikkje anna inntekt enn økonomisk stønad etter sosialtenestelova § 18. I slike tilfelle kan renter bli sletta for opp til 36 månader til saman.
Låntakaren hadde i minst 12 månader i strekk fulltidsarbeid og samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2026 er 21 306 kr, for 2025 20 487 kr, for 2024 19 605 kr og for 2023 18 689 kr. Låntakaren kan få sletta renter for opp til 36 månader til saman. Frivillig ulønt arbeid gir ikkje rett til sletting av renter.
Låntakaren sona i fengsel eller sikringsanstalt i minst 12 månader i strekk og hadde samtidig låg gjennomsnittleg brutto månadsinntekt. Inntektsgrensa for 2026 er 21 306 kr, for 2025 20 487 kr, for 2024 19 605 kr og for 2023 18 689 kr.
Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Låntakarar som har hatt ei brutto person- og kapitalinntekt per år som er under grensene i § 36, har rett til å få sletta renter for heile eller delar av den aktuelle perioden dersom låntakaren i perioden
Endra ved forskrift 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025).
Ein låntakar som har bestått fulltidsutdanning og dokumenterer å ha hatt rett til lån eller stipend etter forskrift om utdanningsstøtte, har rett til å få sletta renter for så lang tid som det kunne ha blitt gitt lån eller stipend. Sletting av renter på dette grunnlaget blir ikkje behovsprøvd mot inntekt.
Den som søkjer om sletting av renter, skal dokumentere både inntekta i den aktuelle perioden og at dei andre sosiale og økonomiske vilkåra var oppfylte. Lånekassen hentar opplysningar om brutto person- og kapitalinntekt i Noreg direkte frå Skatteetaten. Låntakaren skal sjølv sende inn dokumentasjon av brutto inntekt per månad, sjå § 38 bokstavane f og g.
Dersom låntakaren dokumenterer at ei trygde- eller pensjonsyting er opptent i ein tidlegare periode enn det året ho blei utbetalt og skattlagd, og krev ei vurdering av søknaden om sletting av renter på dette grunnlaget, skal trygde- eller pensjonsytinga fordelast på dei åra ytinga blei opptent. Den nye årsinntekta skal leggjast til grunn både for å avgjere ein ny søknad om sletting av renter og for ei ny prøving av eventuelle tidlegare vedtak om sletting av renter.
Endra ved forskrift 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025).
I 2026 er det mogleg å søkje om sletting av renter for perioden frå og med 1. januar 2023. Krav om sletting av renter som gjeld forhold før 1. januar 2023, vil ikkje bli behandla. Det kan gjerast unntak frå søknadsfristen i særlege tilfelle.
Låntakarar som tek utdanning, må søkje om sletting av renter seinast 3 år etter at utdanninga etter normert tid skulle ha vore ferdig.
Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Overskrifta endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Låntakarar kan frå 1. januar 2026 få sletta inntil 60 000 kr per år av utdanningsgjelda ved avslutta utdanning dersom dei har vore busette og yrkesaktive i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms i ein oppteningsperiode på 12 månader. Berre gjeld som er knytt til utdanning som er teken kan slettast. Gjeld som er urettmessig motteken skal ikkje slettast, jf. § 76 første ledd.
Innsatssona tyder her Finnmark og kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy i Nord-Troms.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Låntakarar kan få sletta delar av utdanningsgjelda dersom dei har hatt arbeid som lege i ein oppteningsperiode på 12 månader i desse kommunane:
Ordninga gjeld òg låntakarar som har hatt arbeid som lege i dei tidlegare kommunane Torsken og Berg i Troms, Tysfjord i Nordland og Fosnes i Trøndelag.
Frå 1. januar 2025 kan ikkje låntakarar begynne å tene opp rett til gjeldssletting etter føresegna.
Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Låntakarar kan få sletta inntil 25 000 kr per år av lånesummen ved avslutta utdanning dersom dei har vore busette i ein kommune i sone 5 og 6 i sentralitetsindeksen til SSB i ein oppteningsperiode på 12 månader. Låntakaren skal i tillegg ha vore yrkesaktive i same perioden. Berre gjeld som er knytt til utdanning som er teken kan slettast. Gjeld som er urettmessig motteken skal ikkje slettast, jf. § 76 første ledd.
Oppteningsperioden startar tidlegast frå og med 1. januar 2025.
Opptening og sletting etter denne føresegna kan ikkje kombinerast med opptening og sletting av gjeld etter § 43, § 44 eller § 50.
Tilføyd ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Berre renteberande lån inngår i gjelda som kan bli sletta etter dette kapittelet.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Som yrkesaktiv i oppteningsperioden reknar ein den som gjennom oppteningsperioden
Den tida ein låntakar er sjukmeld, blir rekna med i oppteningsperioden.
I særlege tilfelle kan låntakarar som i ei kort tid har hatt arbeid ein annan stad under opptening av rett til sletting av gjeld etter § 43 og § 50, bli rekna som yrkesaktive.
Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Låntakaren blir ikkje rekna som yrkesaktiv i den aktuelle perioden dersom låntakaren
Låntakaren blir ikkje rekna som yrkesaktiv etter § 43 eller § 50 dersom låntakaren var meir enn 50 prosent yrkesaktiv utanfor Finnmark og Nord-Troms og samstundes hadde omsorg for barn født i 2016 eller seinare eller hadde særleg tyngjande omsorgsplikter i den nærmaste familien.
Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024), 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Låntakaren blir rekna som busett i oppteningsperioden berre dersom låntakaren gjennom oppteningsperioden hadde både faktisk og folkeregistrert bustad i ein utvald kommune.
Lånekassen kan i særlege tilfelle slette gjeld dersom låntakaren ikkje hadde folkeregistrert adresse i ein utvald kommune i heile oppteningsperioden, men var faktisk busett på staden.
Dersom det skjer endringar i kva for kommunar som er omfatta av § 44a etter at låntakaren har byrja ein oppteningsperiode, kan låntakaren framleis reknast som busett fram til den påbyrja oppteningsperioden er over.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Oppteningsperioden er 12 samanhengande månader. Sletting av gjeld skjer etter at oppteningsperioden er ute.
Oppteningsperioden startar den datoen låntakaren blir rekna som yrkesaktiv og som busett. For låntakarar som held fram med å arbeide etter den første oppteningsperioden og framleis blir rekna som busette, blir seinare oppteningsperiodar rekna frå dagen etter at den første oppteningsperioden er ute.
Dersom oppteningsperioden blir avbroten på grunn av førstegongsteneste eller utdanning, kan det gjerast unntak frå kravet om samanhengande oppteningsperiode. Ved avbrot på grunn av utdanning kan det gjerast unntak berre 1 gong og for opp til 1 år.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Kvalifiserte lærarar i grunnskolen som har vore yrkesaktive i grunnskolen i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms, kan få sletta inntil 20 000 kr ekstra per år av lånesummen ved avslutta utdanning. Gjeld blir sletta utan omsyn til bustad.
Med kvalifiserte lærarar i grunnskolen er meint dei som oppfyller kompetansekrava for tilsetting av undervisningspersonell i grunnskolen etter opplæringslova § 17-3 første ledd og tilhøyrande forskrift.
Låntakaren skal ha vore yrkesaktiv i undervisningsstilling i grunnskolen i 12 samanhengande månader.
Reglane i kapittelet her gjeld så langt dei passar.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Låntakarar som får sletta gjeld etter § 43, skal ikkje betale avdrag på lånet etter den første oppteningsperioden. Har låntakaren betalt avdrag på lånet etter den første oppteningsperioden, refunderer Lånekassen beløpet berre dersom låntakaren set fram krav om refusjon innan 3 år etter at avdraget er betalt.
Alle renter og gebyr skal betalast og blir ikkje sletta etter dette kapitlet.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Når det er sendt varsel om oppseiing av lånet, kan ein søknad om sletting av gjeld ikkje behandlast før det forfalne terminbeløpet er betalt, med mindre det kan gjevast betalingsutsetjing.
Forfalne terminbeløp som skulle ha vore betalte før den første oppteningsperioden er ute, blir ikkje sletta. Det blir gjort unntak dersom låntakaren har rett til betalingsutsetjing.
Søknad om sletting av gjeld skal sendast inn etter kvar ny oppteningsperiode, med ny dokumentasjon. Søknaden skal vere motteken i Lånekassen seinast 3 månader etter at oppteningsperioden er ute.
Låntakarar som har fullført visse lærarutdanningar, kan få sletta opp til 50 000 kr av gjelda. Det går fram av § 55, § 56, § 57 og § 58 kva utdanningar som er omfatta.
Gjeld blir ikkje sletta meir enn 1 gong for kvar lærarutdanning.
Ordninga omfattar låntakarar som har fullført ei av desse utdanningane:
Ordninga omfattar låntakarar som har fullført ei av desse utdanningane:
Nordisk og norsk blir ikkje rekna som framandspråk etter denne ordninga.
Ordninga omfattar låntakarar som har tatt minst 60 studiepoeng i kvensk eller eit samisk språk som ein del av ei av desse utdanningane:
Ordninga omfattar låntakarar som har tatt minst 60 studiepoeng i kvensk eller eit samisk språk i tillegg til ei av desse utdanningane:
Endra ved forskrift 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024).
Søknad om sletting av gjeld skal vere kommen inn til Lånekassen seinast 6 månader etter at låntakaren har teke siste eksamen i den utdanninga som gir grunnlag for sletting av gjeld.
Lånekassen kan gjere unntak frå fristen dersom det er særlege grunnar til at søknadsfristen ikkje kan bli halden.
Låntakarar kan få sletta delar av utdanningsgjelda dersom dei har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7 eller for trinn 5–10, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 eller lektorutdanning for trinn 8–13 på normert tid. Låntakaren skal òg ha vore yrkesaktiv i ei undervisningsstilling i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa i ei oppteningsperiode etter avslutta utdanning. Ordninga omfattar låntakarar som startar grunnskolelærarutdanning eller lektorutdanning frå og med 2017–2018.
Utan omsyn til fullføring på normert tid omfattar ordninga òg låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7 eller for trinn 5–10, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 eller lektorutdanning for trinn 8–13, og som i oppteningsperioden har arbeidd i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa i Nordland, Troms eller Finnmark.
Endra ved forskrift 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024).
Gjeld kan slettast med 106 000 kr for låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7 eller lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 på normert tid.
Gjeld kan slettast med 51 000 kr for låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 5–10 eller lektorutdanning for trinn 8-13 på normert tid.
Gjeld kan slettast med 55 000 kr for låntakarar som har fullført grunnskolelærarutdanning for trinn 1–7 eller for trinn 5–10, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 eller lektorutdanning for trinn 8–13, og som i oppteningsperioden har vore yrkesaktiv i ei undervisningsstilling i grunnskolen eller i den vidaregåande skolen i Nordland, Troms eller Finnmark.
Låntakarar som har rett til sletting av gjeld etter første eller andre ledd kan òg ha rett til sletting av gjeld etter tredje ledd dersom vilkåra for dette er til stades.
Endra ved forskrift 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024).
Låntakaren kan få sletta gjeld etter § 61 første eller andre ledd sjølv om utdanninga ikkje blei gjennomført på normert tid, dersom årsaka til at låntakaren brukte lengre tid var
Låntakaren skal ha vore yrkesaktiv i ei undervisningsstilling på minst 50 prosent i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa i minst 3 av dei 6 første åra etter avslutta utdanning.
Søknad om sletting av gjeld skal vere kommen inn til Lånekassen seinast 6 månader etter at oppteningsperioden er ute.
Låntakarar som har vore tekne opp ved ein høgskule eller eit universitet i Noreg etter vilkåra for kvoteordninga, kan få sletta lånet dei har fått under ordninga når dei reiser tilbake til heimlandet for å busetje seg varig der.
Låntakarar som ikkje er busette i heimlandet etter avslutta utdanning, kan likevel få sletta gjeld etter første ledd dersom humanitære grunnar som krig, alvorleg uro eller forfølging hindrar busetjing i heimlandet. Låntakaren skal vere busett i eit anna land som har vore omfatta av kvoteordninga.
Dersom låntakaren vender tilbake til Noreg innan 10 år etter vedtak om sletting av gjeld etter kvoteordninga blei treft, blir vedtaket oppheva.
Låntakaren kan søke om sletting av gjelda når vilkåra i § 65 er oppfylte. Søknaden skal vere motteken i Lånekassen innan 31. desember 2025.
Ein låntakar som har minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne og får uføretrygd eller ei tilsvarande yting frå ei utanlandsk trygdeordning, kan ha rett til å få sletta gjelda heilt eller delvis dersom brutto person- og kapitalinntekt i 2026 er 595 960 kr eller lågare.
Kravet til varig nedsett inntektsevne er berre 40 prosent dersom låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar heilt fram til vedtaket om uføretrygd.
Låntakaren har rett til å få sletta gjeld etter tabellen nedanfor.
Tabell for 2026 over inntektsgrenser, ny gjeld og nytt terminbeløp etter sletting av gjeld
| Brutto person- og kapitalinntekt per år | Ny gjeld | Nytt terminbeløp |
|---|---|---|
| 0–413 313 kr | 0 kr | 0 kr |
| 413 314–458 838 kr | 83 531 kr | 892 kr |
| 458 839–502 941 kr | 97 413 kr | 1 070 kr |
| 502 942–549 481 kr | 111 498 kr | 1 262 kr |
| 549 482–595 960 kr | 125 381 kr | 1 438 kr |
Inntektsgrensene i tabellen blir heva med 19 458 kr per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Avkasting av formuen til barn av låntakaren dersom formuen blir forvalta av statsforvaltaren, blir ikkje rekna med.
Søknaden om sletting av gjeld blir behandla etter vilkåra som gjeld i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også dersom vedtaket om uføretrygd er frå før søknadsåret.
Lånekassen hentar inn inntektsopplysningar frå Skatteetaten.
Endra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024). 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Dersom låntakaren får lån eller stipend etter forskrift om utdanningsstøtte, blir vedtaket om sletting av gjeld oppheva. Renter som er sletta, blir ikkje lagde til igjen. Er vedtaket om sletting av gjeld gjort for meir enn 10 år sidan, blir det ikkje oppheva.
Overskrifta endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Overskrifta endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld som er permanent overført til Innkrevjingsmyndigheita, får lagt til renter etter forseinkingsrentelova.
Ei innbetaling dekkjer, i denne rekkefølgja: inkassokostnader, gebyr, renter og lån.
Endra ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Innkrevjingsmyndigheita er kreditor for utdanningsgjeld som er permanent overført frå Lånekassen.
Krav om tilbakebetaling av utdanningsgjeld er tvangsgrunnlag for utlegg. Innkrevjingsmyndigheita krev inn gjelda etter innkrevjingslova.
Oppheva ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Oppheva ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Oppheva ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Oppheva ved forskrift 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).
Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og såleis har fått eller prøvd å få utbetalt eller godskrive lån eller stipend som låntakaren ikkje har rett til, kan låntakaren misse retten til sletting av renter, betalingsutsetjing og sletting av gjeld. Lånekassen kan krevje beløpet tilbakebetalt og rekne renter frå det tidspunktet låntakaren fekk tildelt lån eller stipend. Heile gjelda kan seiast opp og krevjast inn.
Dersom ein låntakar med vilje eller aktlaust har brote opplysningsplikta og såleis har fått sletta renter eller gjeld som låntakaren ikkje har rett til, kan låntakaren misse retten til betalingsutsetjing og sletting av renter og gjeld.
I vurderinga av misleghaldet skal hovudvekta leggjast på kor lenge misleghaldet har vart, og kor mykje urettkommen lån eller stipend eller sletting av renter eller gjeld låntakaren har fått.
Misleghald av betalingsplikta kan føre til avslag på søknad om lån eller stipend til ny utdanning etter forskrift om utdanningsstøtte, og avslag på søknad om betalingsutsetjing, sletting av renter og gjeld.
Forskrifta gjeld frå 1. januar 2023.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.