§ 62. Unntak frå kravet om fullføring på normert tid
Låntakaren kan få sletta gjeld etter § 61 første eller andre ledd sjølv om utdanninga ikkje blei gjennomført på normert tid, dersom årsaka til at låntakaren brukte lengre tid var
- at låntakaren har nedsett funksjonsevne, og var funksjonshemma i studiesituasjonen fordi læringsmiljøet eller studiesituasjonen ved lærestaden ikkje var tilpassa låntakarens nedsette funksjonsevne
- at låntakaren har fått barn i utdanningsperioden
- at låntakaren blei forseinka på grunn av sjukdom
- at låntakaren samtidig hadde tillitsverv på fulltid i minst 3 månader i strekk i ein landsomfattande studentorganisasjon, eller i tilknyting til ein utdanningsinstitusjon eller ein studentsamskipnad.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2022-12-15-2259
- Hentet
- 2026-10-02T10:26:49.535588+00:00
- Kilderevisjon
- c7621f8aee92
- Innholdshash (XML)
- b6fbbc314511b47e0d3453d42f4a17ec8b9dfe44e430ec9bf11e0a6b87a9673d
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2023-01-01
- Siste endring i kraft
- 2026-01-01