§ 7. Utrekning av rente

Utgangspunktet for rentesatsane i Lånekassen er ei basisrente som er fastsett av Finanstilsynet i samsvar med forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av skattelova av 26. mars 1999 nr. 14 § 5-12-5. Basisrenta blir fastsett med utgangspunkt i uttrekk av prisar på bustadlån frå Finansportalen gjennom ein observasjonsperiode. Basisrenta er lik gjennomsnittet av dei 5 lågaste prisane på bustadlån på kvart observasjonstidspunkt i observasjonsperioden. Observasjonsperiodane startar ved årsskiftet.

Flytande basisrente blir fastsett på grunnlag av 2 månaders observasjon av tilbod om bustadlån med flytande rente. Ny flytande rente tek til å gjelde 2 månader etter avslutta observasjonsperiode.

Fast basisrente blir fastsett på grunnlag av 1 månads observasjon av tilbod om bustadlån med den same rentebindingstida som i avtalen om fast rente på utdanningslånet. Ny fast rente tek til å gjelde 1 månad etter avslutta observasjonsperiode.

Lånekassen fastset dei nominelle rentene på lånet til låntakaren. Desse blir rekna ut frå basisrenta minus 0,15 prosentpoeng. Formelen for å rekne ut den nominelle renta er slik:

$$r_n = \begin{bmatrix}(1 + r_e)\frac{1}{n} - 1 \end{bmatrix}n$$

Teiknforklaring:

rnårleg nominell rente i prosent
rebasisrenta minus 0,15 prosentpoeng (årleg effektiv rente i prosent før gebyr)
ntolv, som er talet på betalingsterminar per år

Når effektiv rente skal reknast ut, kjem i tillegg gebyr ved varsling og for sein betaling, og gebyr og kostnader ved innkrevjing, sjå kapittel 4.

Dei nominelle og effektive rentene blir oppgitte med 3 desimalar.

Rentebelastning skjer på etterskott med ei nominell perioderente som svarer til den årlege nominelle renta dividert på 365 eller 366 dagar.

Etter kvart forfall blir det rekna renter av renter som ikkje er betalte. Det blir også rekna renter av renter som er lagde til gjelda i perioden frå lånet blir gjort renteberande og fram til første terminforfall, og i periodar med betalingsutsetjing.

For låntakarar som har lån frå før 1. juli 1985, blir det ikkje rekna renter av rentegjeld som er opparbeidd før 1. januar 1990.

Det blir ikkje rekna renter av renter som er lagde til på grunn av forseinka betaling, sjå § 6.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2022-12-15-2259
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ccefdf786825a9b656372dcb892d8f662bc47ed62ab072736e3d2941f1be5d0b
Rendererversjon
8
I kraft
2023-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01