§ 3. Generelle vilkår
Tilskot etter denne forskrifta kan gjevast til føretak som er registrert i Einingsregisteret og som driv vanleg jordbruksproduksjon. Etter § 7 kan tilskotet i staden gjevast til attlevande ektefelle, sambuar, forelder eller barn etter avdød jordbrukar.
Den personen som det vert søkt tilskot for må ha hatt næringsinntekt frå jordbruk, gartneri mv. frå føretaket i dei to siste inntektsåra som vedkomande har fått skatteoppgjer for per 1. januar i det året avløysinga finn stad. Dersom personen ikkje er innehavar må inntekta ha vore minimum ½ G i gjennomsnitt per år. For nye innehavarar som per 1. januar enno ikkje har fått skatteoppgjer for dei to fyrste åra etter oppstart krevst i staden at jordbruks- eller gartneridrifta i føretaket er egna til å gje dei positiv næringsinntekt over tid.
Tilskotet kan gjevast til dekking av dokumenterte utgifter til avløysing.
Som avløysing reknast ikkje arbeid utført av person som
- har næringsinntekt frå føretaket eller nokon av føretaka i driftsfellesskapet,
- er ektefelle eller sambuar til nokon som har næringsinntekt frå føretaket eller føretaka i driftsfellesskapet, eller
- er under 15 år.
Endra ved forskrifter 4 juli 2018 nr. 1151 (i kraft 15 aug 2018), 17 des 2018 nr. 2120 (i kraft 1 jan 2019).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2014-12-19-1821
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 1998f9cf9683d21101ce07ce51cec9f27e5f8a5434b099288b5eee5bc2d3a213
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2015-01-01
- Siste endring i kraft
- 2025-01-01