Det kan gjevast tilskot ved sjukdom dersom den personen som det vert søkt tilskot til avløysing av er yngre enn 70 år og sjukemeldt frå arbeid i føretaket. Det kan òg gjevast tilskot utan at sjukemelding ligg føre, dersom personen i samband med eigen sjukdom eller skade har vore til naudsynt behandling, kontroll eller undersøking på sjukehus eller hos spesialist godkjend av det offentlege.
Tilskot etter første ledd stansar når det er utbetalt tilskot for personen i til saman 425 dagar i løpet av dei tre siste åra. Teljinga av dagar tek til på nytt kvar gong det er gått 26 samanhengande veker sidan den siste dagen i den føregåande perioden det har vore utbetalt tilskot for.
Endra ved forskrifter 30 juni 2015 nr. 821, 4 juli 2018 nr. 1151 (i kraft 15 aug 2018), 29 aug 2024 nr. 2050 (i kraft 1 jan 2025).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.