(Opphevd)
Opphevd ved forskrift 15 okt 2004 nr. 1337 (i kraft 1 nov 2004).
For tida fram til festeavgifta i det einskilde festehøvet første gong er blitt regulert etter lov av 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 15, kan det ikkje krevjast inn ei høgare festeavgift enn den som lovleg kunne krevjast inn då lova blei sett i kraft. Dersom beløpet som kan krevjast inn etter første punktum, er lågare enn den festeavgifta som er fastsett i festehøvet, kan bortfestaren kvart år justere beløpet opp i samsvar med endringa i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå.
Overskrifta endra ved forskrift 24 juni 2005 nr. 675.
(Opphevd)
Opphevd ved forskrift 15 okt 2004 nr. 1337 (i kraft 1 nov 2004).
Ved krav om innløysing av tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom, kan bortfestaren (ein fysisk eller juridisk person) i staden tilby festaren lenging på vilkår som føljer av lov om tomtefeste § 15 fjerde ledd. Dette gjeld berre dersom bortfestaren dokumenterer at
Om næringsdrifta som jord-, skog- eller hagebruk er nedlagt, eller all jord og skog i drift er leigd bort til anna enn føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem deltek, gjeld første ledd berre dersom det må reknast med at eigedomen kan kome i drift att eller at bortleiga vil høyre opp seinast når det er gått fem år frå drifta blei nedlagt eller jorda og skogen blei leigt bort. I så fall skal driftsresultatet etter første ledd bokstav c reknast ut frå slik aktuell drift av eigedomen som den, ut frå dei tre seinaste åra i drift, gir pårekneleg grunnlag for.
Der ein part i ein sameigeeigedom ligg til landbrukseigedomen, til dømes der sameige i utmark ligg til eigedomen, reknast inntekter og utgifter som fell på sameigeparten, med i reknegrunnlaget etter første ledd bokstav b og c og andre ledd andre punktum. Areal frå sameigeeigedomen skal ikkje reknast i landbrukseigedomens areal etter første ledd bokstav a. For festetomt som ligg i sameige mellom fleire landbrukseigedomar, kan kvar sameigar som for sin del fyller vilkåra etter første, jf. andre ledd, setje fram eit tilbod som nemnd i første ledd første punktum. Slik nekting av innløysing og tilbod om lenging frå ein sameigar får verknad mellom festaren og alle sameigarane.
Landbrukseigedomen etter paragrafen her er den registrerte eigedomen som festetomta høyrer til, medrekna eigedomar med andre registernemningar når alle har same eigar, blir nytta under eitt, og i økonomisk samanheng står fram som éin eigedom. Ei festetomt høyrer til ein landbrukseigedom når den høyrer til denne som festegrunn eller er utskilt frå denne.
Som jord-, skog- eller hagebruk reknar paragrafen her verksemd som ved bruk av jorda eller gjennom husdyrhald produserer mat eller fôr, skinn eller ull, eller som ved bruk av skogen produserer trevirke eller ved. Som husdyrhald reknast avl, oppdrett og hald av husdyr, blant dette tamrein. Som jord-, skog- eller hagebruk reknar paragrafen her også
Paragrafen her gjeld ikkje for landbrukseigedom som er eigd av stat, kommune, fylkeskommune eller av føretak som stat, kommune eller fylkeskommune deltek i eller eig heilt eller delvis.
Endra ved forskrifter 15 okt 2004 nr. 1337 (i kraft 1 nov 2004, se endringsforskrifa for overgangsreglar), 24 juni 2005 nr. 675 (se endringsforskrifta for overgangsreglar), 30 juni 2006 nr. 728 (i kraft 1 juli 2006), 19 juni 2015 nr. 681 (i kraft 1 juli 2015), 4 sep 2015 nr. 1030.
I tilhøve som nemnt i tomtefestelova § 37 tredje leddet kan statsforvaltaren avgjere kva som skal følgje med ved innløysinga, dersom ein part ber om det. Dersom innløysinga handsamast ved skjønn etter tomtefestelova § 37 andre leddet, kan statsforvaltaren heilt eller delvis overlate til skjønnet å treffe avgjerd etter første punktum. Justisdepartementet er klageinstans for avgjerd som statsforvaltaren har gjort.
Så langt ikkje anna følgjer av avtale om korleis innløysing skal gjennomførast, og innanfor det som følgjer av bindande vedtak etter plan- og bygningslovgjevinga, kan statsforvaltaren eller skjønnet i ei sak etter første ledd ta alle avgjerder som trengst for å
Før statsforvaltaren treffer avgjerd eller overlet saka til skjønnet, skal statsforvaltaren innhente fråsegn frå partane i festehøvet og den kommunen som skal handsame søknad om delingsløyve etter plan- og bygningslova. Ved innløysing i allmenning skal fråsegn også innhentast frå fjellstyre og allmenningsstyre. Vidare skal statsforvaltaren vurdere om det trengst samtykke frå eller bør hentast inn fråsegn frå andre offentlege organ. Hvis saka er overlate til skjønnet, skal kommunen der området ligg, varslast til skjønnet som blir halde og har rett til å møte. I allmenning gjeld dette også for fjellstyret og allmenningsstyret. Einkvar som har festerett til tomt i eit planområde eller ei allmenning, har også rett til å møte, jamvel om han ikkje har kravd innløysing.
Endra ved forskrifter 11 okt 2002 nr. 1094 (i kraft 1 jan 2003), 15 okt 2004 nr. 1337 (i kraft 1 nov 2004, se endringsforskrifta for overgangsreglar), 8 okt 2021 nr. 2958 (i kraft 1 nov 2021).
Før statsforvaltaren fastset kva som skal følgje med ved innløysing av tomt i eit område der tomter er festa bort etter ein samla plan, skal han søkje å klarleggje om også andre festarar i området vil be om at statsforvaltaren fastset kva som skal følgje med ved ei innløysing. I så fall skal alle sakene så langt råd er takast opp og avgjerast under eitt. Avgjerda kan utsetjast i inntil ti år dersom omsynet til sams førehaving gjer dette turvande, men ikkje lenger enn fem år utan at det ligg føre særlege grunnar.
Endra ved forskrifter 15 okt 2004 nr. 1337 (i kraft 1 nov 2004, se endringsforskrifta for overgangsreglar), 8 okt 2021 nr. 2958 (i kraft 1 nov 2021).
Høvet som Kongen har etter lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 36 andre ledd til å gje oppfrisking ved orsakande oversitjing av fristen for å krevje innløysing, blir lagt til statsforvaltaren. Justisdepartementet er klageinstans for fylkesmannens vedtak om å gje eller avslå oppfrisking.
Opphevd frå 1 nov 2004, jf. forskrift 15 okt 2004 nr. 1337 for overgangsreglar, tilføyd igjen ved forskrift 24 juni 2005 nr. 675 (se endringsforskrifta for overgangsreglar), endra ved forskrifter 21 des 2007 nr. 1607 (i kraft 1 jan 2008, jf endringsforskrifta for overgangsreglar), 19 juni 2015 nr. 681 (i kraft 1 juli 2015), 8 okt 2021 nr. 2958 (i kraft 1 nov 2021).
Regulering i samsvar med endringa i pengeverdien av den terminvise pengesummen etter avhendingslova § 2-10 første leddet, jf. tredje leddet, skal skje i samsvar med utviklinga i (den berekna) konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. I avtalehøve frå før 1865 skal ein regulere den terminvise pengesummen ut frå utviklinga i konsumprisindeksen frå 1865.
Endra ved forskrift 15 okt 2004 nr. 1337 (i kraft 1 nov 2004).
Ved fastsetjing av avløysingssum etter avhendingslova § 2-10 andre leddet, jf. tredje leddet, skal det leggjast til grunn ei rente på 5% når ein skal finne kapitalverdien.
Forskrifta her tek til å gjelde 1. januar 2002. Frå same tid held forskrift av 5. desember 1986 nr. 2166 om innløysing av festetomter til bustadhus og fritidshus opp å gjelde, med dei unntaka som følgjer av tomtefestelova § 44 tredje leddet. Forskrift av 21. desember 1990 nr. 1023 om forhøyelse av festeavgifter opphevast også frå same dato.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.