Ved krav om innløysing av tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom, kan bortfestaren (ein fysisk eller juridisk person) i staden tilby festaren lenging på vilkår som føljer av lov om tomtefeste § 15 fjerde ledd. Dette gjeld berre dersom bortfestaren dokumenterer at
Om næringsdrifta som jord-, skog- eller hagebruk er nedlagt, eller all jord og skog i drift er leigd bort til anna enn føretak der grunneigaren og/eller ektefellen eller eit husstandsmedlem deltek, gjeld første ledd berre dersom det må reknast med at eigedomen kan kome i drift att eller at bortleiga vil høyre opp seinast når det er gått fem år frå drifta blei nedlagt eller jorda og skogen blei leigt bort. I så fall skal driftsresultatet etter første ledd bokstav c reknast ut frå slik aktuell drift av eigedomen som den, ut frå dei tre seinaste åra i drift, gir pårekneleg grunnlag for.
Der ein part i ein sameigeeigedom ligg til landbrukseigedomen, til dømes der sameige i utmark ligg til eigedomen, reknast inntekter og utgifter som fell på sameigeparten, med i reknegrunnlaget etter første ledd bokstav b og c og andre ledd andre punktum. Areal frå sameigeeigedomen skal ikkje reknast i landbrukseigedomens areal etter første ledd bokstav a. For festetomt som ligg i sameige mellom fleire landbrukseigedomar, kan kvar sameigar som for sin del fyller vilkåra etter første, jf. andre ledd, setje fram eit tilbod som nemnd i første ledd første punktum. Slik nekting av innløysing og tilbod om lenging frå ein sameigar får verknad mellom festaren og alle sameigarane.
Landbrukseigedomen etter paragrafen her er den registrerte eigedomen som festetomta høyrer til, medrekna eigedomar med andre registernemningar når alle har same eigar, blir nytta under eitt, og i økonomisk samanheng står fram som éin eigedom. Ei festetomt høyrer til ein landbrukseigedom når den høyrer til denne som festegrunn eller er utskilt frå denne.
Som jord-, skog- eller hagebruk reknar paragrafen her verksemd som ved bruk av jorda eller gjennom husdyrhald produserer mat eller fôr, skinn eller ull, eller som ved bruk av skogen produserer trevirke eller ved. Som husdyrhald reknast avl, oppdrett og hald av husdyr, blant dette tamrein. Som jord-, skog- eller hagebruk reknar paragrafen her også
Paragrafen her gjeld ikkje for landbrukseigedom som er eigd av stat, kommune, fylkeskommune eller av føretak som stat, kommune eller fylkeskommune deltek i eller eig heilt eller delvis.
Endra ved forskrifter 15 okt 2004 nr. 1337 (i kraft 1 nov 2004, se endringsforskrifa for overgangsreglar), 24 juni 2005 nr. 675 (se endringsforskrifta for overgangsreglar), 30 juni 2006 nr. 728 (i kraft 1 juli 2006), 19 juni 2015 nr. 681 (i kraft 1 juli 2015), 4 sep 2015 nr. 1030.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.