Alle skip skal ha tilrettelagd plass for passasjerane sitt reisegods, slik at alt reisegods ligg sikkert og ikkje blokkerer gangsoner og rømmingsvegar.
Små elektriske køyretøy med elektrisk hjelpemotor og tilhøyrande oppladbare batteri skal haldast under kontinuerleg oppsyn dersom dei blir oppbevart i innvendige opphaldsrom. Lading skal berre føregå på utvendig dekk, roro-dekk eller anna spesielt tilrettelagd område.
Farleg reisegods oppført i vedlegg 1 kan takast om bord på dei vilkåra som følgjer av vedlegget. Reiarlaget skal opplyse passasjerane om kva som er farleg reisegods.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.