§ 16. Krav til drift og vedlikehald
Inventar og lause gjenstandar skal vere forsvarleg sikra.
Når det blir utført vedlikehald i passasjerområde med passasjerar om bord, skal området sikrast eller sperrast av slik at ingen passasjerar blir utsett for fare.
Skipet skal ha rutinar for å halde dørk, dekk, trappetrinn og rampar sklisikre under alle forhold.
Skipet skal ha rutinar for å verne passasjerar frå farar knytt til maskineri eller teknisk utstyr som er naudsynt for drifta av skipet, når slikt utstyr er plassert i passasjerområde.
Dersom passasjerane skal besøkje delar av skipet som ikkje er passasjerområde, skal dette skje i følgje med nokon som arbeider om bord. Talet på passasjerar utanfor passasjerområde skal vurderast basert på tilgjengelege rømmingsvegar og andre risikomoment i den aktuelle delen av skipet.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2021-12-17-3666
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 5c6c31043015ebd982463fd5045cafd21e0f9d2530d1dd13ed75f7d5382b0909
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2022-01-01