§ 1. Innhaldet i kravet om oppløysingssal.

Kravet om tvangssal til oppløysing av sameige skal setjast fram i prosesskriv eller munnleg. Vert kravet sett fram munnleg, skal namsmakta setje det opp i prosesskriv.

I skrivet skal stå:

  1. at kravet gjeld oppløysing av sameige;
  2. kva det er som ligg i sameige;
  3. namnet på og bustaden til alle sameigarane;
  4. kor stor part kvar har i sameiga;
  5. kva varsel medeigarane har fått om oppløysingskravet;
  6. kva tvangsgrunnlag det er for oppløysing eller, i tilfelle, ei særskild grunngjeving i samsvar med siste stykket;
  7. dei opplysningane som elles trengst til å dømme om oppløysingssal kan krevjast eller som det er bruk for av omsyn til tillysinga og gjennomføringa av oppløysingssalet.

Saman med opplysningane må leggjast fram dei dokument som kjem saka ved. Ligg det føre tvangsgrunnlag for oppløysing, skal utskrift eller anna dokument leggjast ved slik som fastsett i tvangsfullføringslova § 5-2 andre stykket.

Ligg det ikkje føre dom eller anna tvangsgrunnlag for oppløysing, må kravsmannen i ei særskild grunngjeving for kravet gjere det truleg at han har rett til å krevje sameige oppløyst. Saman med grunngjevinga skal leggjast fram alle opplysningar og dokument som trengst til å dømme om det er ein slik rett.

Endret ved forskrift 21 des 2007 nr. 1607 (i kraft 1 jan 2008, jf endringsforskriften for overgangsregler).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/1966-05-25-8701
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ada7cf203b18d627e2fd8291bf6544ce348c374c9e41ad70d3bf81596b43fd7c
Rendererversjon
8
Siste endring i kraft
2008-01-01