§ 2. Oppløysingssal.

Når det ikkje ligg føre dom eller anna tvangsgrunnlag for oppløysing, skal krav om oppløysingssal setjast fram for retten, som gir dei andre sameigarane melding om kravet.

I meldinga skal retten

  1. oppmode sameigarane til å seie si meining om kravet og i tilfelle uttale seg om opplysningane i kravskrivet;
  2. gjere kjent at kravet skal fullførast etter avgjerd (ordskurd) av retten, dersom det ikkje vert tatt til motmæle eller dersom motmælet klårt er grunnlaust (sameigelova § 15 tredje stykket);
  3. setje slik frist for motmæle som retten etter tilhøva finn rimelig.

Kvar sameigar skal ha melding om retten si avgjerd (ordskurd) med opplysning om at ho kan ankast.

Endra ved forskrifter 11 okt 2002 nr. 1094 (i kraft 1 jan 2003), 21 des 2007 nr. 1607 (i kraft 1 jan 2008, jf endringsforskriften for overgangsregler).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/1966-05-25-8701
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ada7cf203b18d627e2fd8291bf6544ce348c374c9e41ad70d3bf81596b43fd7c
Rendererversjon
8
Siste endring i kraft
2008-01-01