§ 11. Tildelingsreglar

Ein daglegvarebutikk kan søkje om investeringstilskot til fysiske investeringar viss den oppfyller krava i § 3, 1. ledd og i tillegg

  1. har ein avstand på minst 10 kilometer til næraste alternative innkjøpsstad, eller ligg på stader utan fast vegsamband eller er einaste daglegvarebutikk på ei øy. Det kan gjerast særskilte vurderingar for butikkar som har mellom 5 og 10 kilometer avstand til næraste alternative innkjøpsstad
  2. er open heile året
  3. har inntil 15 millionar kroner i årsomsetning eksklusiv meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel.

Søknaden må vere på minimum 25 000 kroner for å bli handsama.

Maksimalt støttebeløp er inntil 800 000 kroner eksklusiv meirverdiavgift kvart år.

Distriktssenteret vil prioritere dei søknadane som best støtter opp om måla for ordninga.

Endra ved forskrift 8 des 2025 nr. 2432 (i kraft 1 jan 2026).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-11-21-2989
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
3d43af5e7216f27343f0d496cae3b86e5ea6bb9e0c77a21542a3392fe28344b6
Rendererversjon
8
I kraft
2025-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01