Føremålet er å sikre innbyggjarar i distrikta tilgang til ein daglegvarebutikk i nærleiken, med god kvalitet og med tilleggstenester som aukar omsetninga, sikrar vidare drift og kjem innbyggjarane og lokalsamfunnet til gode.
Forskrifta gjeld desse tilskotsordningane:
Ein søkjar kan berre få tilskot til tiltak som ikkje er starta før søknaden er ferdig handsama.
Ein butikk vert rekna som Merkur-butikk når den har fått oppfølging frå sin regionale Merkur-konsulent i løpet av dei siste fem åra og har delteke på aktivitetar i Merkur-programmet og/eller har motteke tilskot dei siste fem åra.
Tilskotsordningane gjeld Merkur-butikkar i område med få innbyggjarar, som har eit varetilbod som dekkjer det alminnelege ernæringsbehovet og andre grunnleggjande behov for daglegvarer i eit hushald, og er opne heile året. For kapittel 3 om servicetilskot gjeld eigne opningstider, jf. § 22 bokstav e. Ytterlegare krav står under kapitla for dei ulike ordningane.
Distriktssenteret kan etter ei særskild vurdering godkjenne butikkar som ikkje oppfyller tildelingsreglane for den enkelte ordninga.
Tilskot kan også bli gitt til bokhandlar i distrikta, sjå kapittel 5, for nærare informasjon om kva krav som gjeld.
Ein søknad skal innehalde desse opplysningane:
For støtte til bokhandlarar er det mindre avvik frå desse krava.
Støtte frå Merkurprogrammet blir gitt i form av bagatellmessig støtte til tenester av allmenøkonomisk betydning, jamfør forskrift om unntak frå notifikasjonsplikt for offentleg støtte § 3. Distriktssenteret kan be om informasjon frå søkjar som er naudsynt for å avklare om støtta er i tråd med den indre marknaden.
Søkjaren må sende inn søknad i den digitale søknadsportalen.
Distriktssenteret tildeler tilskot.
Søknadar om investeringstilskot og servicetilskot til daglegvarebutikkar og investeringstilskot til drivstoffanlegg blir handsama etter kvart som dei blir sende inn.
Ved akutt behov for nytt utstyr, til dømes i samband med havari, skal søkjaren kontakte Distriktssenteret.
Kommunal- og distriktsdepartementet er klageinstans for klage på vedtaka frå Distriktssenteret.
Ein tilskotsmottakar skal rapportere om kva pengane er brukte til, og kva som er effekten av tiltaket, i den digitale søknadsportalen. Tilskotsmottakar skal sette opp rekneskapen slik at det kan samanliknast med budsjettet i søknaden, og kostnadane skal dokumenterast i form av fakturaer og betalingskvitteringar. For servicestøtte finst det eigne rapporteringsreglar.
Tilskotsmottakar skal melde frå dersom det oppstår forhold som fører til endringar i høve til føresetnadane som går fram av søknaden eller tilsegnsvedtaket. Rapporteringsplikta er nærare forklart i dei enkelte ordningane.
Tilskotsmottakaren skal be om godkjenning på førehand frå Distriktssenteret, dersom det er ønskeleg å gjere endringar i prosjektet det er søkt om støtte til. Distriktssenteret skal då vurdere om tilskotet skal reduserast, trekkast tilbake, eller om endringane samsvarar med forskrift og tilskotsbrev.
Krev prosjektet mindre kapital enn budsjettet tilskotet byggjer på, kan Distriktssenteret redusere utbetalinga tilsvarande. Det vert ikkje gitt støtte til tiltak som allereie er gjennomført før søknaden er ferdig handsama.
Distriktssenteret kan stanse utbetalinga av heile eller delar av tilskotet, eller krevje tilbakebetaling, dersom
Investeringsstøtta skal bidra til at daglegvarebutikkar blir moderniserte, meir lønnsame og gir innbyggjarane i lokalsamfunnet betre tenester.
Ein daglegvarebutikk kan søkje om investeringstilskot til fysiske investeringar viss den oppfyller krava i § 3, 1. ledd og i tillegg
Søknaden må vere på minimum 25 000 kroner for å bli handsama.
Maksimalt støttebeløp er inntil 800 000 kroner eksklusiv meirverdiavgift kvart år.
Distriktssenteret vil prioritere dei søknadane som best støtter opp om måla for ordninga.
Endra ved forskrift 8 des 2025 nr. 2432 (i kraft 1 jan 2026).
Ein butikk som har inntil 8 millionar kroner i omsetning kan få tilskot med inntil 75 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet.
Ein butikk som har mellom 8 og 15 millionar kroner i omsetning kan få tilskot med inntil 50 prosent av dei totale kostnadene i prosjektet.
Mottakaren av tilskotet skal rapportere om:
1. fakturanummer 2. fakturadato 3. leverandør 4. type investering 5. brutto kostnad 6. netto kostnad.
Tilskotet blir utbetalt når prosjektet er ferdig, rapportering gjennomført og oppmoding om utbetaling er sendt inn.
For tilsegn under 100 000 kroner held det med ein eigenerklæring frå dagleg leiar eller styreleiar. For tilsegn over 100 000 kroner må prosjektrekneskapet bli stadfesta av autorisert rekneskapsførar som er habil.
Er tilskotet avgjerande for at prosjektet blir gjennomført og kostnadene blir dokumenterte undervegs, kan delar av tilskotet bli betalt ut tidlegare. Som dokumenterte kostnader reknar ein faktura, betalingskvittering og naudsynt attestasjon.
Dei siste 25 prosentane av tilskotsbeløpet skal først betalast ut etter at prosjektet er gjennomført.
Investeringstilskotet er skattefritt for butikkar som ligg innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.
Endra ved forskrift 13 des 2024 nr. 3077 (i kraft 1 jan 2025).
Servicestøtta skal bidra til å oppretthalde dei aller minste daglegvarebutikkane. Servicetilskotet skal bidra til tilleggsoppgåver til lokalsamfunnet og det lokale næringslivet.
Tilskotet kan bli gitt til daglegvarebutikkar som oppfyller alle krava § 3, 1. ledd og i tillegg
Servicestøtta kan brukast til utviklings- og driftskostnader, og mindre investeringar som bidreg til å nå målet med ordninga.
Servicestøtta er på inntil 150 000 kroner kvart år.
Butikken skal før 1. mai året etter tilskotsåret levere ein sluttrapport om kva støtta er brukt til, og korleis servicestøtta har bidrege til å halde butikken og servicefunksjonane oppe. Rapporten skal og innehalde omsetningsrapport (varegruppe og nøkkeltal) frå butikkdatasystemet per 31. desember i tilskotsåret, og ei oversikt over tilleggstenester.
Er vilkåra for tilskot til butikken framleis oppfylte, kan butikken søkje om nytt, årleg tilskot når sluttrapport blir levert.
75 prosent av støtta blir betalt ut når søknaden er innvilga, dei resterande 25 prosentane blir betalte ut når rapporten for bruken av midlane er sendt inn og godkjend.
Ei tildeling må vere betalt ut seinast 31. desember året etter at tilskotet blei gitt.
Servicetilskotet er skattepliktig.
Investeringsstøtta til drivstoffanlegg skal tryggje drivstofftilgangen i distrikta.
Ordninga gjeld i hovudsak drivstoffanlegg ved Merkur-butikkar. Andre verksemder som driv eller eig drivstoffanlegg, kan i heilt særskilde høve òg bli omfatta av ordninga.
Ladestasjon for elbil inngår også i ordninga.
Anlegg som er eigde av oljeselskap, er ikkje omfatta av støtteordninga.
Anlegg som i hovudsak forsyner eigne køyretøy, fartøy og landbruksmaskiner, er heller ikkje omfatta av ordninga.
Desse kriteria skal vere oppfylte:
Drivstoffanlegg som ikkje er knytte til ein Merkur-butikk, skal i tillegg
Maksimalt støttebeløp er 800 000 kroner eksklusiv meirverdiavgift kvart år. Investeringsstøtta til drivstoffanlegg kan dekkje inntil 50 prosent av investeringsbehovet.
Investeringsstøtta til drivstoffanlegg skal gå til opprusting av eksisterande anlegg. Ordninga kan òg yte støtte til etablering av nye drivstoffanlegg i tilknyting til daglegvarebutikkar. Anlegg som ligg på stadar der avstandane til næraste drivstofftilbod er lange, skal prioriterast. Ein kan søkje om støtte til investeringar i både stasjonære og mobile drivstoffanlegg.
Endra ved forskrift 8 des 2025 nr. 2432 (i kraft 1 jan 2026).
For tilsegn under 100 000 kroner krevst ei eigenerklæring frå dagleg leiar eller styreleiar. For tilsegn over 100 000 kroner må prosjektrekneskapet bli stadfesta av autorisert rekneskapsførar som er habil.
Støtta blir vanlegvis betalt ut etter at prosjektet er ferdig, rapportering er gjennomført og oppmoding om utbetaling er sendt inn.
Er utbetaling av tilskotet avgjerande for at prosjektet blir gjennomført, og kostnadene blir dokumenterte undervegs, kan delar av tilskotet bli betalt ut tidlegare. Krav til dokumentasjon er faktura, betalingskvittering og naudsynt attestasjon.
Ved delutbetalingar blir dei siste 25 prosentane først betalte ut etter at prosjektet er gjennomført.
Investeringstilskotet er skattefritt for butikkar som ligg innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.
Utviklingstilskotet skal bidra til å styrkje grunnlaget for lønnsam bokhandeldrift i distrikta.
Det kan gis tilskot til bokhandlar som
Distriktssenteret vil prioritere dei søknadane som best støttar opp om måla for ordninga.
Utviklingstilskotet skal nyttast til tidsavgrensa tiltak som skal utvikle bokhandelen som kulturarena og møteplass i lokalsamfunnet. Utviklingsstøtta skal brukast til tiltak for å styrkje og utvikle drifta av butikken, mellom anna til tilrettelegging for tilleggsfunksjonar.
Dette kan omfatte mindre nye investeringar, marknadsføring av ulike samarbeidsprosjekt og gjennomføring av arrangement i bokhandelen.
Generelle kostnader til marknadsføring som er ein del av den ordinære drifta, kjem ikkje inn under denne ordninga.
Kvar butikk kan søkje om inntil 100 000 kroner kvart år.
Mottakar skal sende inn prosjektrekneskap i samsvar med budsjett, signert av styreleiar eller dagleg leiar, som viser kva tilskotet er brukt til. Rekneskapen skal settast opp slik at budsjetterte utgifter kan samanliknast med utgiftene i prosjektet.
Støtta blir betalt ut etter at prosjektet er ferdig, og etter at kostnadene til dei innvilga utviklingstiltaka eller aktivitetane er dokumenterte og stadfesta av Merkur-konsulenten.
Utviklingsstøtta er skattepliktig.
Riksrevisjonen, departementet og forvaltar kan kontrollere at vilkåra for å motteke tilskot, er oppfylt av tilskotsmottakaren. Tilskotsmottakar plikter å gi dei opplysningane og den dokumentasjonen som er naudsynt for å gjennomføre kontrollen.
Tilskotsmottakar plikter også å medverke til at den som skal evaluere det enkelte prosjektet får tilgang til dei opplysninga og dokumenta som er naudsynte for å gjere ein forsvarleg evaluering.
Distriktssenteret fører tilsyn og kontroll med at krava i forskrift og brev om tilskot er oppfylte.
Departementet kan i særlege høve dispensere frå denne forskrifta.
Forskrifta blir sett i kraft 1. januar 2025. Frå same tid vert forskrift 23. mai 2018 nr. 748 om om tilskot frå Merkur-programmet (Merkur-forskrifta) oppheva.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.