§ 7. Rapporteringsplikt for tilskotsmottakaren

Ein tilskotsmottakar skal rapportere om kva pengane er brukte til, og kva som er effekten av tiltaket, i den digitale søknadsportalen. Tilskotsmottakar skal sette opp rekneskapen slik at det kan samanliknast med budsjettet i søknaden, og kostnadane skal dokumenterast i form av fakturaer og betalingskvitteringar. For servicestøtte finst det eigne rapporteringsreglar.

Tilskotsmottakar skal melde frå dersom det oppstår forhold som fører til endringar i høve til føresetnadane som går fram av søknaden eller tilsegnsvedtaket. Rapporteringsplikta er nærare forklart i dei enkelte ordningane.

Tilskotsmottakaren skal be om godkjenning på førehand frå Distriktssenteret, dersom det er ønskeleg å gjere endringar i prosjektet det er søkt om støtte til. Distriktssenteret skal då vurdere om tilskotet skal reduserast, trekkast tilbake, eller om endringane samsvarar med forskrift og tilskotsbrev.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-11-21-2989
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
3d43af5e7216f27343f0d496cae3b86e5ea6bb9e0c77a21542a3392fe28344b6
Rendererversjon
8
I kraft
2025-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-01