§ 10. Innsyn i graderte dokument
Ved krav om innsyn i dokument som inneheld materiale som er påført gradering etter sikkerhetsloven eller beskyttelsesinstruksen, skal spørsmål om avgradering leggjast fram for den som har oppretta dokumentet, for avgjerd i samsvar med virksomhetsikkerhetsforskriften § 33 eller beskyttelsesinstruksen § 5. Organet som mottek innsynskravet, kan likevel avslå eit krav om innsyn, utan at spørsmålet om avgradering fyrst har vore lagt fram etter fyrste punktum, dersom
- det uavhengig av graderinga ikkje skal givast innsyn i dokumentet, eller
- det uavhengig av graderinga kan gjerast unntak frå innsyn i dokumentet, og organet som mottek innsynskravet, finn at meirinnsyn ikkje skal givast.
Finn det forvaltningsorganet som mottek kravet, grunn til å tru at det ikkje kan gjerast unntak frå innsyn etter offentleglova, eller at ei gradering elles ikkje kan oppretthaldast, skal det følgje prosedyren for omgradering som er fastsett i virksomhetsikkerhetsforskriften § 30 til § 32 eller i beskyttelsesinstruksen § 5.
Endra ved forskrift 8 jan 2021 nr. 369.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2008-10-17-1119
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 93c8559b3c1762d82ff8fdd450d1c766b130df55d77a2e174928d02a0fe43909
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2009-01-01
- Siste endring i kraft
- 2022-12-09